Utløpt

Rådgivar / seniorrådgivar

Arbeidsgiver
Sjøfartsdirektoratet
Stillingstittel
Rådgivar / seniorrådgivar
Frist
19.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Miljøeininga er ein seksjon under Avdeling for regelverk og internasjonalt arbeid. Avdelinga har 23 tilsette - av desse jobbar fem i seksjonen. Seksjonen har ansvar for miljøarbeid i Sjøfartsdirektoratet og er aktiv i mellom anna FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO, samt sjøfartsarbeid i EU.

Arbeidsoppgaver

  • handsaming av generelle spørsmål og saker innafor skipsfart, miljø og transport av farleg gods
  • være involvert i Sjøfartsdirektoratet sine oppgåver knytt opp til nasjonalt og internasjonalt regelverk
  • bidra aktivt i utarbeiding av norske forslag og posisjonar/brief i forkant av internasjonale møte
  • aktiv deltaking i internasjonale forhandlingar i IMO, EU og Arktisk Råd
  • bidra til regelverksutvikling, både nasjonalt og internasjonalt
  • arbeid med ulike typar miljø- og renseteknologi
  • skrive artiklar til Sjøfartsdirektoratet sitt magasin Navigare
  • noko reiseaktivitet må påreknast 

Kvalifikasjoner

  • bachelor- eller mastergrad frå universitet eller høgskule innan t.d. teknisk, maritim eller realfagleg retning
  • manglande formell utdanning kan, i særskilte høve, kompenserast med lang og relevant praksis
  • relevant arbeidsrøysle er eit ønskje, i tillegg til kunnskap om, og interesse for, skipsfart og relaterte miljø og tryggleiksutfordringar
  • kjennskap til relevant regelverk vil være ein fordel, i tillegg til røynsle frå internasjonalt arbeid

Personlige egenskaper

  • gode analytiske evner og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert og kunne levere avtalt omfang og kvalitet på arbeidet til rett tid
  • evne og kreativitet til å få gjennomslag for idear
  • initiativrik og kunne sjå utviklingsmoglegheiter
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne, på norsk og engelsk
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne til å knyte nettverk og snakke i større forsamlingar
  • god teknisk forståing

Vi tilbyr

Sjøfartsdirektoratet kan tilby eit godt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver og røynsle fra utvikling av regelverk. Du vil få samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit bredt fagmiljø, som gir moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.

Stillinga vert lønna som 1434 rådgivar med kr 450.000 - 545.000,- brutto i året eller 1364 seniorrådgivar med kr 525.000 - 670.000,- brutto i året. I særskilde tilfeller kan høgare løn vurderast.

Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilt behov.

Om arbeidsgiveren



Sjøfartsdirektoratet er ein viktig og sentral aktør som skal ivareta og leggje til rette for utvikling av maritim verksemd. 

Vi tilbyr konkurransedyktige tenester og er anerkjende for vår kompetanse i den maritime klynga.

Vårt overordna mål er å være den føretrekte maritime administrasjonen.



Det er 350 tilsette i Sjøfartsdirektoratet.  Hovudkontoret ligg i Haugesund og har om lag 230 tilsette.  I tillegg har Sjøfartsdirektoratet sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor langs norskekysten.  Skipsregistra i Bergen, med 20 tilsette, er òg ein del av Sjøfartsdirektoratet.

Sektor
Offentlig
Sted
Smedasundet 50 A, 5528 Haugesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Pedersen
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
95 74 17 17
Kontaktperson
Lars Christian Espenes
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
92 28 83 98
Følg firma
489 følger dette firmaet

Smedasundet 50 A, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 154965251
Sist endret 15. aug. 2019 09:08

Rapporter annonse