Saksbehandler - skogbruk
- Arbeidsgiver
- Fylkesmannen i Vestland
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar - skogbruk
- Frist
- 19.08.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Har du lyst til å jobbe med langsiktig bruk og utvikling av ressursane i skogbruket?
Frå 1. oktober har vi ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med kontorstad Bergen.
Fylkesmannen skal gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og med tilhøyrande kontroll. Vi skal også med vår kunnskap bidra til å auke verdiskapinga i landbruket, i samarbeid med næringa og andre utviklingsaktørar.
Fylkesmannen har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har 32 tilsette, hovudsakleg i Førde og Bergen.
Arbeidsoppgåver:
- Forynging av skog
- Langsiktig klima- og miljøtilpassing
- Formidling av statlege rammevilkår til kommunar og næringa
- Tilskot, kontroll og ressurskartlegging i skogbruket
- Tverrfagleg samarbeid og andre oppgåver
Kvalifikasjonar:
- Høgare skogfagleg utdanning, eller tilsvarande, helst på masternivå
- Det vil vere ein fordel med kunnskap eller erfaring med GIS-arbeid
- Stillinga kan også passe for ein nyutdanna
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 470 000 - 580 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av landbruksdirektør Christian Rekkedal, tlf 99 69 23 02, eller assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær tlf 48 00 73 75
Om arbeidsgiveren
Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylka sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.
Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kaigaten 9, 5015 Bergen
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler