Utløpt

Fast rådgjevarstilling i Statped vest, fagavdeling syn

Arbeidsgiver
Statped
Frist
01.09.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATPED

Fagavdeling syn har spesialisert kompetanse på kva utfordringar synsnedsetjing kan ha for læring, og korleis ein legg til rette læringsmiljø for born og unge med synsvanskar. Avdelinga gjev individ- og systembaserte tenester, som utgreiing av synsfunksjon, rettleiing/rådgjeving i høve tiltak i barnehage og skule, kompetanseutvikling, kunnskapsformidling og kurs.

For at fleire born og unge med synsnedsetjing skal få tilbod om gode inkluderande læringsfellesskap, skal Fagavdeling syn styrke avdelinga med to rådgjevarar. 

Sentrale oppgåver i stillinga vil vere rådgjeving/rettleiing i individsaker samt systematisk arbeid med spreiing av synspedagogisk kompetanse til kommunane. Søkjarar må ha interesse for å utvikle spisskompetanse knytt til arbeid for å legge til rette for gode, inkluderande læringsfellesskap for barn og unge med synsnedsetjing, også i kombinasjon med andre funksjonsnedsetjingar. Mykje av arbeidet vil vere fleirfageleg og skje i eit samarbeid på tvers av fagavdelingar. 

Fagavdelinga arbeider med tidleg innsats for barn 0-6 år og med elevar i skulen, og søkjarar må ha relevant erfaring frå anten barnehagesektor, skulesektor, PPT eller tilsvarande. Statped har fokus på bruk av teknologi både som læremiddel og som kompenserande hjelpemiddel, så gode digitale ferdigheiter er ein føresetnad. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving/rettleiing til ansvarlege kommunale instansar i høve aktuell tilrettelegging for born og unge med synsnedsetjing, ofte i kombinasjon med andre vanskar
  • Utvikling og gjennomføring av kompetansehevingstiltak for tilsette i kommunane på vestlandet: lærarar og barnehagelærarar, PP-teneste og andre som arbeider med born og unge med synsvanskar
  • Bidra til kunnskapsutvikling innanfor fagområdet
  • Arbeide i faglege nettverk
  • Førelese på interne og eksterne kurs og konferansar
  • Du må rekne med å måtte reise i samband med jobben
  • Delta i andre oppgåver i fagavdelinga

 

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå innan synspedagogikk/spesialpedagogikk/pedagogikk/IKT i læring eller tilsvarande.
  • Lærar, barnehagelærar, spesialpedagog med relevant arbeidserfaring
  • God kunnskap om opplæringssektoren
  • Innsikt i offentleg forvaltning og god rolleforståing vert vektlagt
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på begge målformer

 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og initiativrik
  • God til å samarbeide, både internt og med eksterne samarbeidspartnarar
  • Resultatorientert
  • Utviklingsorientert
  • God til å byggje relasjonar 

 

Vi tilbyr

  • Stillingane vert løna som rådgjevarar / seniorrådgjevarar i stillingskode 1434/1364, i ltr. 50 / kr. 449.300,- til 65 /kr. 583.900,- (rådgjevar) og ltr. 60 / kr. 532.300,- til 72 /kr. 667.200,- (seniorrådgjevar)
  • Utstrakt bruk av team- og prosjektorganisering
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode høve til fagleg utvikling
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • IA-avtale

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i så stor grad som råd spegle mangfaldet i folket. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetting av alder og kjønn og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om dei kan verta offentleg, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Krakhellen
Stillingstittel
avdelingsleder
Telefon
97 18 78 76
Følg firma
825 følger dette firmaet

Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis

Annonseinformasjon

FINN-kode 154800325
Sist endret 2. sep. 2019 01:16

Rapporter annonse