Utløpt

Avdelingsleiar tekniske tenester, vatn og avlaup

Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar tekniske tenester, vatn og avlaup
Frist
05.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Nye Sogndal kommune - eining tekniske tenester - har ledig stilling som avdelingsleiar vatn og avlaup.  Stillinga er 100% fast, og med oppstart frå så snart som mogeleg. 


Stillinga er plassert under kommunalsjefområde Plan og Samfunn, og vidare under tenesteeining Teknisk drift som vert organisert med 4 avdelingar og ein stab med ansvar for prosjektoppfølging.


Avdelingsleiar for vatn og avlaup vil leie ei avdeling med ansvar for kommunale VA-anlegg. Kommunen har 7 vassverk, 7 avlaupsanlegg og samla ca. 230 km leidningsnett. Det er i dag ca. 7 årsverk knytt til desse tenestene. Avdelingsleiar vil få vere med å byggje og forme denne nye avdelinga saman med tenesteleiar og dei tilsette i avdelinga. 


Avdelingsleiar vil i utganspunktet få leiaransvar som omfattar fagansvar, økonomisk ansvar og personalansvar. Eksakt delegasjon vert tilpassa personen i stillinga.


Vi søkjer primært etter ingeniør/sivilingeniør med relevant bakgrunn innan vatn og avlaup. Relevant erfaring kan erstatte formalkompetanse. 

Det er ønskjeleg med erfaring innan drift, vedlikehald eller prosjektering innan fagfeltet. Det er i tillegg ønskjeleg med leiarerfaring frå tilsvarande stillingar.


Vi kan tilby ei spanande stilling innan eit viktig fagfelt. Riktig person vil få høve til å forme avdelinga og arbeidskvardagen sin sjølv. Oppgåvene er varierte og vi kan garantere at ingen dagar vert like. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse. 

Løn etter avtale.


Om arbeidsgiveren

Kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal skal saman byggje nye Sogndal kommune som skal vere etablert 1. januar 2020. Den nye kommunen på Vestlandet vil få rundt 12 000 innbyggjarar og om lag 1 120 tilsette. Dei tre kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen. Det er store ambisjonar om å skape ein føregangskommune og styrke regional slagkraft.

Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 153, 6851 Sogndal
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
Ingeniør / VAR-teknikk,
Ingeniør / Vassdrag

Nøkkelord

vann og avløp, ingeniør, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Karlsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
57 62 96 40
Mobil
40 45 07 87
Følg firma
58 følger dette firmaet

Postboks 153, 6851 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 154238463
Sist endret 28. feb. 2020 13:32

Rapporter annonse