Utløpt

Demenskoordinator

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Demenskoordinator
Frist
26.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Os kommune har ledig 100% stilling som demenskoordinator. Dersom du har eit brennande engasjement for arbeid med personar med sjukdomen demens og deira pårøranda, er dette jobben for deg.

Arbeidsstad
Luranetunet

Organisatorisk plassering
Stillinga er lagt til Pleie og omsorg under einingsleiar for pleie og omsorg fram til vi blir Bjørnafjorden kommune 01.01.2020. Etter det vil stillinga høyre til avdeling Helseteam i eining Helsefremming og rehabilitering.

Arbeidsoppgåver
-Individuell oppfølging av heimebuande demente ut frå behov.
-Vera kontaktperson og ha støttesamtalar med pårørande til personar med demenssjukdom.
-Utføre demenstester og samarbeide med fastlege i høve til diagnostisering.
-Ansvar for pårørande skule og samtalegrupper for pårørande.
-Samarbeide med heimebaserte tenester, bestiller og forvaltarkontoret, dagsenter, pårørande og fastlegar.
-Drive fagleg rettleiing og arrangere kurs for tilsette i tema omkring demenssjukdom.

Kvalifikasjonar
-Autorisert sjukepleiar eller andre med helsefagleg høgskuleutdanning.
-Relevant vidareutdanning innan t.d. geriatri, demens, rettleiing.
-Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom.
-Engasjement og interesse for eldreomsorg og demenssjukdom.
-God datakunnskap og kjennskap til Profil som dokumentasjonsprogram.
-Sertifikat for bil, må disponere eigen bil.
-Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå).
-Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT.
-Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
-Du må vera ein positiv, motivert og engasjert person.
-Du må kunna bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
-Du må vera nytenkande og løysningsorientert og ha evne til å arbeida sjølvstendig.
-Du må ha gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Om arbeidsgiveren

1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.

Sektor
Offentlig
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aud Winsents
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
92 02 83 54
Følg firma
488 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 153582058
Sist endret 1. aug. 2019 12:39

Rapporter annonse