Utløpt

Veterinær

Arbeidsgiver
Mattilsynet
Stillingstittel
Veterinær - førsteinpektør
Frist
18.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeiderskap. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær bruke dine fagkunnskapar til å vurdere og forbetre dyrs levevilkår, og til å hjelpe dyreeigar å legge til rette for at dyra skal ha det best mogleg. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å møte nye utfordringar. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø. 

Avdeling Sunnfjord og Sogn har 25 tilsette fordelt på 3 kontorstader. Denne stillinga vil vere på kontorstad Førde.Vi held til i nyoppussa, trivelege lokaler i Førde sentrum.

Førde er ein by sentralt i nye Sunnfjord kommune (frå 2020). Førde har gode tilhøve for friluftsliv heile året, kultur, skule og barnehage. Det er gode kommunikasjonstilbod til og frå staden.

Arbeidsoppgaver

  • Du fører tilsyn med dyrehelse og dyrevelferd. Det betyr at du reiser rundt og observerer produksjonsdyr og kjæledyr, tar ut prøver, handterer sjukdomsutbrot og rettleiar dyreeigar.
  • Du handsamar saker etter gjeldande regelverk, deltar i møte og skriv rapportar. 
  • Du er klar til å rykke ut når det oppstår hendingar som krev det, for eksempel alvorlege sjukdomsutbrot.  
  • Du har også oppgåver med førebygging, opplysning og rettleiing overfor verksemder, bønder og publikum.
  • Andre oppgåver innafor fagområdet som veterinær kan bli aktuelt, td. kjøtkontroll på landdyrslakteri inkl. oppdrettsvilt.

Kvalifikasjoner

  • Du må vere utdanna veterinær og ha norsk autorisasjon.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kan også søkje. 
  • Du snakkar og skrive flytande norsk.  Kjennskap til andre språk t.d. tysk og engelsk vil vere ein fordel.
  • Du må ha førarkort i klasse B. Avdelinga nytter leasingbilar

Personlige egenskaper

  • Du er glad i dyr og liker å treffe mennesker og har evne til å observere, lytte og bygge tillit. 
  • Du har god rolleforståing. 
  • Du må kunne takle høgt arbeidstempo og ha evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
  • Du må like å arbeide i ei faggruppe, men også kunne arbeide sjølvstendig.
  • Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte. Samtidig som du tar avgjersle til beste for dyra.
  • Du samarbeider godt med arbeidskollegar og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.  

Vi tilbyr

  • Eit fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å forbetre dyrs kvardag.
  • Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid. 
  • Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 500.000 - 580.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert. 
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen. 
  • Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkje uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

  

  • Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden din.
  • Ver venleg å oppgje 2 referansar. 
 

Om arbeidsgiveren



Mattilsynet skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet har ansvar for å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet.

Sektor
Offentlig
Sted
Firdavegen 6, 6800 Førde
Bransje
Dyr og dyrehelse
Stillingsfunksjon
Veterinær og dyrepleier

Nøkkelord

Dyrehelse,, dyrevelferd

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Terje Ramstad
Stillingstittel
Fungerande avdelingssjef
Telefon
97 15 02 06
Følg firma
1289 følger dette firmaet

Firdavegen 6, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 153491377
Sist endret 31. jul. 2019 13:52

Rapporter annonse