Utløpt

Veterinær - førsteinspektør

Arbeidsgiver
Avdeling Nordfjord
Stillingstittel
Veterinær - førsteinspektør
Frist
18.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet
Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeiderskap. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær bruke dine fagkunnskapar til å vurdere og forbetre dyrs levevilkår, og til å hjelpe dyreeigar å legge til rette for at dyra skal ha det best mogleg. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å møte nye utfordringar. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Du vurderer og forbetrer dyrs helse og velferd gjennom å føre tilsyn. Det betyr at du reiser rundt og observerer produksjonsdyr og kjæledyr, tar ut prøver, handterer sjukdomsutbrot og rettleiar dyreeigar. Du handsamar saker etter gjeldande regelverk, deltar i møte og skriv rapportar.

Du er klar til å rykke ut når det oppstår hendingar som krev det, for eksempel alvorlege sjukdomsutbrot.  

Du har også oppgåver med førebygging, opplysning og rettleiing overfor verksemder, bønder og dyrevernarar.

Andre oppgåver innafor fagområdet som veterinær er aktuelt.   

Kvalifikasjonar

Du er veterinær med norsk autorisasjon.

Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kan også søkje.

Du snakkar og skrive flytande norsk.

Du har førarkort i klasse B.  

Personlege eigenskapar

Du er glad i dyr og liker å treffe mennesker og har evne til å observere, lytte og bygge tillit.

Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte. Samtidig som du tar avgjersle til dyr sitt beste.

Du jobber effektivt, har god produksjon og takler varierte dagar.

Du samarbeider godt med arbeidskollegar og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Ein fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å forbetre dyrs kvardag.

Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.

Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 500.000 - 580.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkje jobb i Mattilsynet uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

Vi ber om at du laster inn vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden din.

Ver venleg å oppgje 2 referansar. 

Om arbeidsgiveren



Mattilsynet skal sikre folk trygg mat. Vi har også ansvar for å sikre friske planter, fisk og dyr. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon med høy kompetanse, og med et godt arbeidsmiljø. Vi er organisert i et sentralt direktorat, med fem underliggende regioner. Disse utfører tilsynet vårt gjennom tilstedeværelse rundt om i landet. 

Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les mer her www.mattilsynet.no

Sektor
Offentlig
Sted
Måløy, 6700 Måløy
Bransje
Dyr og dyrehelse
Stillingsfunksjon
Veterinær og dyrepleier

Nøkkelord

Dyrehelse, og, dyrevelferd

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Are Natland Bøe
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
22 77 79 19
90 20 50 49
Følg firma
1280 følger dette firmaet

Måløy, 6700 Måløy

Annonseinformasjon

FINN-kode 153338308
Sist endret 9. aug. 2019 14:16

Rapporter annonse