Sikkerhetskonsulent
- Arbeidsgiver
- Helse Vest IKT
- Stillingstittel
- Sikkerhetskonsulent
- Frist
- 18.08.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Ikkje berre er vi kanskje det største IT-miljøet på Vestlandet, men òg det viktigaste. Informasjonssikkerheita i Helse Vest sin digitale kvardag ligg hjå oss, og det er vårt ansvar å sikre alle luker i heile pasientreisa til alle bebuarane av Vestlandet.
For å styrke sikkerhetsarbeidet vårt, søker vi no etter ein kandidat til å fylle vår nyoppretta stilling som Sikkerhetskonsulent. Stillinga er aktuell både for nyutdanna med rett fagleg bakgrunn og for meir erfarne kandidater.
Helse Vest IKT har kontor i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger, i tillegg til fleire små satelittar elles. Verksemda er i stor grad desentralisert, og er du rette kandidaten fagleg sett, er vi opne for kontorstad som passar for deg.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av sikkherheitsvarsel, -avvik og innkomne -saker
- Oppføljing av sikkerheitstenester på infrastruktur, applikasjonar i innføring og drift, og eigenutvikla løysingar
- Sikkerheitsarbeid på applikasjonar
- Vidareutvikle vårt Security Incident Response Team (SIRT)
- Bidra til opplæring, og god sikkerhetskultur
Kvalifikasjonar
- Ha god kjennskap til informasjonssikring og personvern
- Ha arbeidserfaring innan IKT-sikkerheit, eventuelt rette utdanningsbakgrunnen
- Ha ei høgt utvikla evne for konstruktiv bekymring
Personlege eigenskapar
- Du bør ha
- ein analytisk hjerne, som alltid ser etter feil og avvik
- gode evner til å finne løysingar
- eit talent for struktur i arbeidsoppgåvene dine
- god forståing av kva personvern omfattar i helsesektoren
Vi tilbyr
- Eit innovativt og driftig arbeidsmiljø
- Høgt arbeidstempo, og spanande oppgåver
- Arbeid som gjer stor og synleg vinst i samfunnet
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Fleksibel arbeidsordning, både med lokasjon og fleksitid
- Gode pensjonsordningar under KLP
Om arbeidsgiveren
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder
-
- 6800 Førde
- 5527 Haugesund
- 4016 Stavanger
- Bransje
- IT - programvare,
- IT
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler,
- Sikkerhet,
- Konsulent
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Lars Erik Baugstø-Hartvigsen
- Stillingstittel
- IKT-sikkerhetsleder
- Telefon
- 90 09 89 99
5052 Bergen