Utløpt

Løysingsarkitekt - IKT Konsulent

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
IKT Konsulent
Frist
01.09.2019
Ansettelsesform
Fast

Kommunane i Hallingdal samarbeider om IKT-løysingar, tufta på felles innkjøp og drift av datasenter, programvare, maskinvare, interkommunalt nettverk og telefoni-/kommunikasjonssystem. Løysingane vert drifta av IKT Hallingdal, som har utvikla seg frå eit samarbeid mellom dei IKT-tilsette i dei seks kommunane i Hallingdal, til ein interkommunal teneste med 16 tilsette samt lærlingar.

IKT Hallingdal driftar IKT-løysingar for 5 000 tilsette og elevar. Det vert levert tenester til kommunale og interkommunale verksemder og over 20 skuler i regionen.


Arbeidsoppgåver:

Overordna mål er at kommunane kan gjera seg nytte av data frå ei mengd fagsystem eller eksterne register i dialog med innbyggar eller for andre fagsystem. Stillinga har hovudansvar for integrasjonar og dataflyt.

* Prosjektleiar for nye integrasjonar mellom fagsystem (dataflyt): koordinere leveransen frå leverandør, følgje opp interne fagressursar i kommunane og ved IKT Hallingdal.

* Lage og vedlikehalde tenester for integrasjonar mellom fagsystem: gjere nytte av eksport frå fagsystem til import i andre fagsystem.

* Forvalte og drifte Microsoft Identity Manager (MIM).

* Teknisk ressurs for faggrupper, også i dialogen med leverandørar: formidle og følge opp problemstillingar med teknisk fokus.

* Ta del i andre driftsoppgåver ved IKT Hallingdal.


Kvalifikasjonar:

* Relevant høgare utdanning, eller god, relevant og dokumentert realkompetanse.

* Gode norskkunnskapar, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne


Vi søkjer - personlege eigenskapar:

* Gode kommunikasjonsevner med alle nivå i ein organisasjon, med fokus på å forstå behov, finne tekniske løysingar og gode arbeidsprosessar - du må ha god dialog med både kunde/brukar so vel som teknisk personale.

* Ynskje etter å lære meir om kva som gjer arbeidsprosessar enklare og sikrare.

* Evne til å sjå heilskapen - skape logisk og effektiv arbeidsflyt ved bruk av tilgjengelege data.


Vi ynskjer at:

* Du har erfaring som utviklar av system/programvare, slik som bruk av Visual Studio, C#, Javascript, HTML, CSS, Powershell script, Azure tenester og IIS.

* Du kjenner til utvikling og bruk av API (XML, JSON, SOAP).

* Du kjenner til handsaming av sertifikat.

* Du har erfaring med eller god kjennskap til mellomvare med fokus på handsaming av identitetar og integrasjonar (dataflyt) mellom fagsystem.

* Du har delteke aktivt i prosjekt eller som prosjektleiar med bruk av relevant prosjektmetodikk.

* Du kjenner godt til Microsoft Active Directory og tilhøyrande infrastruktur.

* Du har kunnskap om produkt og tenester i Office 365, også Azure AD (AAD), EM+S, Teams, SharePoint.


Vi tilbyr:

* Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i det største IKT-miljøet i regionen Hallingdal.

* Moglegheiter for utvikling i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø.

* Fagleg rettleiing og mogelegheit for vidareutdanning.

* Fleksibel arbeidsplass og arbeidssituasjon.

* God pensjonsordning i KLP.

* Hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass.


For stillinga gjeld:

* Løn og tilsetting i samsvar med arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og KS Hovudtariffavtale.

* Ved tilsettinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.


Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, sjå heimesida vår: gol.kommune.no - Ledige stllingar

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt,
Konsulent

Nøkkelord

Løsningsarkitekt, IKT, IT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erling Torkelsgaard
Stillingstittel
Leiar IKT Hallingdal
Telefon
32 07 86 05
Følg firma
21 følger dette firmaet

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 151904447
Sist endret 26. sep. 2019 08:08

Rapporter annonse