Utløpt

Lyst til å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten?

Arbeidsgiver
Difi
Stillingstittel
Systemutviklar ID-porten
Frist
18.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Digitaliseringsdirektoratet
Lyst til å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten? 

Difi søkjer ein erfaren systemutviklar for å bidra til å vidareutvikle ID-porten.  Vi søkjer deg som vil bli ein del av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling og sikkerheit. Vi jobbar med identitetsdrive sikkerheit basert på OIDC og OAuth2, og for tida utviklar vi ny og spennande funksjonalitet knytt til datadeling, api-sikring og autentisering av verksemder. 

Hos Difi vil du bli ein del av eit større fagmiljø på 25 utviklarar. Du vil møte eit stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med oppgåver saman med fagmiljø både i og utanfor Difi. 

Difis utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. For å jobbe i Difi er det viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. 

Stillinga er fast med arbeidsstad på Leikanger. Arbeidsstad Oslo kan vurderast i særlege tilfelle. 

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Her kan du møte nokre av dei som jobbar ved Difi i Leikanger. Halvard, Ellen Marie og Sture fortel om arbeidskvardagen sin og korleis dei opplever å jobbe og bu i Sogn.


Dine oppgåver
  • systemutvikling i eit smidig produktteam
  • bidra til å ivareta applikasjonssikkerheit
  • bidra til at sikkerheit blir designa og bygd inn i nye applikasjonar
  • jobbe med sikkerheit og yting ved bruk av ulike plattformer
  • jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye tenester
  • vere pådrivar for kvalitet og rettleie andre utviklarar

Dine kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for dette kravet 
  • minst fem års erfaring innanfor systemutvikling 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område 

  • systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket 
  • løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar 
  • teamarbeid med utvikling basert på smidige metoder 
  • kvalitet i kodeleveranse med hensyn på modellering, "clean code" og testing 
  • erfaring med applikasjonssikkerhet og utvikling

Vi søkjer deg som
  • kan jobbe sjølvstendig og i team 
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter 
  • engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert 

Vi tilbyr
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 583 900?- kr 789 200 etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar 
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida 

Vil du vite mer?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt:

  • Gruppeleiar Aamund Bremer tlf. 970 30 838 
  • Seksjonssjef Jørn Stenehjem tlf. 911 46 279 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Har du utdanning frå utlandet, tilrår vi ei autorisert oversetjing av vitnemåla og godkjenning frå NOKUT.

Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort etter offentleglova § 25.


Om arbeidsgiveren

Difi er det sentrale fagorganet for modernisering og omstilling av offentleg sektor. Dette skal vi gjere med spisskompetanse innanfor leiing, organisering, kompetanseutvikling, innovasjon, digitalisering, offentlege anskaffingar, ikt og universell utforming.

Vi er om lag 300 tilsette i Oslo og Leikanger, og verdiane våre er raus, modig og på.

Difi er opptatt av mangfald og deltar i inkluderingsdugnaden til regjeringa. Vi vil gjerne ha søknad frå deg som har nedsett funksjonsevne, behov for tilrettelegging eller hol i CV-en.

Sektor
Offentlig
Sted
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling,
IT utvikling / Systemarkitekt,
IT utvikling / Utvikler (generell)
Følg firma
1192 følger dette firmaet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 151901717
Sist endret 8. jul. 2019 09:15

Rapporter annonse