Utløpt

Tannhelsesekretær (faste stillingar)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Tannhelsesekretær (faste stillingar)
Frist
04.08.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Tannhelsesekretær (fleire stillingar)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig faste deltids- og heiltidsstillingar som tannhelsesekretær. 

Den som vert tilsett må rekne med å  gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.


Arbeidsoppgåver:
  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar :     
  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem
  • handtere telefonar
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 376 500 - 408 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • medlemskap i Statens pensjonskasseg
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon: 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse
Følg firma
1196 følger dette firmaet

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 151138723
Sist endret 28. jun. 2019 00:00

Rapporter annonse