Utløpt

1 vikariat i 100% på service og samferdsel

Arbeidsgiver
Rogaland Fylkeskommune
Stillingstittel
1 vikariat i 100% på service og samferdsel
Frist
27.06.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Rogaland fylkeskommune

Bryne vidaregåande skule 

Bryne vidaregåande er ein av dei største vidaregåande skulane i landet med om lag 2000 elevar og 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Satsingsområda våre er vurderingspraksis og fagfornying. 

Frå 01.08.2019 ønskjer me å tilsette lærar i: 

100% vikariat frå 01.08.2019 til og med 31.07.2020 med undervisning i ulike programfag innanfor programområdet service og samferdsel.  

Kvalifikasjonskrav:  

  • Me ynskjer at den som vert tilsett har kompetanse i fleire av desse faga: sikkerhetsfaget, salsfaget, IKT-faget og/eller marknadsføring/økonomi.   
  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
  • Godkjent politiattest
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne  

Arbeidsoppgåver:  

  • I stillingen har du ansvar for det pedagogiske arbeidet, saman med andre kollegaer på service og samferdsel
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning  

Me ynskjer:   

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
  • Ein tilsett som er open, samarbeidsorientert, kreativ og har godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter
  • At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer
  • Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Service og samferdsel
  • At du er personleg skikka vil bli vektlagt

Skulen tilbyr:    

  • Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
  • Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter avtale 

Kontaktperson:

Avdelingsleiar for service og samferdsel: Øyvind Opdal: 90 96 29 32 oyvind.opdal@skole.rogfk.no   

Søknadsfrist torsdag 27.06, med påfølgende intervju mandag 01.07.

 

Om arbeidsgiveren

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!

Sektor
Offentlig
Sted
Hetlandsgata 27, 4344 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

vikariat, service og samferdsel, skole, lærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Opdal
Telefon
90 96 29 32
Følg firma
1843 følger dette firmaet

Hetlandsgata 27, 4344 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 150384731
Sist endret 28. jun. 2019 01:11

Rapporter annonse