Utløpt

Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbeidsgiver
Bykle kommune - Pleie & Hjelpetenesta
Stillingstittel
Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Frist
02.07.2019
Ansettelsesform
Fast
Pleie- og hjelpetenesta omfattar heimebaserte tenester, sjukeheim (15 plassar) og arbeid med psykisk utviklingshemma. Lokalt KØH tilbod.
Vi har eit oversiktleg arbeidsområde. Dei tilsette arbeider både i institusjon og heimebaserte tenester. Det er moglegheiter for fagleg utvikling og utforming.

Stillinga arbeider i 3 delt turnus med arbeid pt. 3. kvar helg.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver på avdelinga og i heimetenesta
  • Take del i dei ulike oppgåvene som er i eininga
  • Muntleg og skriftleg dokumentasjon
  • Bidra til motivasjon og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider/hjelpepleiar
  • Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid
  • Interesse for å arbeide med eldre
  • Må kunne bruke digitale arbeidsverktøy
  • Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg
  • Må ha førarkort for bil

Utdanning

  • Aut. helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Vidaregåande skule

Eigenskapar

  • Fagleg dyktig, lojal, ærleg og tålmodig
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Positiv og fleksibel
  • Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Løn som fagarbeidar etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

  • Den som blir tilsett må følgje oppsett turnusplan. Den tilsette må ha førarkort for bil. For stillinga gjeld elles dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% av løn til KLP. Krav om politiattest ved tilsetting.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Øvre Sarv 1, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vidar Johnsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
41 42 03 01
Kontaktperson
Ragnhild Å. Hoslemo
Stillingstittel
Avd. sjukepleiar
Telefon
47 35 49 04
Følg firma
47 følger dette firmaet

Øvre Sarv 1, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 150231615
Sist endret 16. jun. 2019 14:19

Rapporter annonse