Utløpt

Fagleiar ungdom og kultur

Arbeidsgiver
Bykle kommune - Kultur & Fritid
Stillingstittel
Fagleiar ungdom og kultur
Frist
30.06.2019
Ansettelsesform
Fast
Vil du jobbe med vår viktigaste ressurs?
Nei, vi talar ikkje om turistnæring eller vatnkraft. Det viktigaste for framtida til Bykle er ungdomane våre. Vi brenn for eit godt kultur- og fritidstilbod i kommunen og treng difor ein dyktig Fagleiar ungdom og kultur i 100 % stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle ungdomstilbodet i kommunen.
  • Bidra til eit godt og trygt miljø for ungdomane våre.
  • Hovudansvar for Bykle og Hovden fritidsklubb i lag med styret for klubben.
  • Sekretær for ungdomsrådet.
  • Ansvarleg for UKM (Ung kultur møtes) og URG (Ungdommens ressursgruppe).
  • Tett samarbeid med andre kommunale einingar.
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stllinga

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant høgare utdanning.
  • Gjerne relevant erfaring
  • God i norsk munnleg og nynorsk skriftleg.
  • God kjennskap til digitale verktøy.
  • Førarkort klasse B (minimum)

Eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

    Du er:

  • Interessert i barn og unge og samfunnet dei veks opp i.
  • Tydeleg, inkluderande og god på kommunikasjon.
  • Strukturert og god til å planleggje
  • Ein initiativtakar som gjennomfører det du har planlagt.
  • Både sjølvstendig og ein god lagspelar.
  • Positiv, engasjert, fleksibel og taklar høgt tempo.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit godt lag som dreg i same retning.
  • Rom og ressursar for nye idear og gode prosjekt.
  • Løn etter kvalifikasjonar etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Hjelp med å skaffe bustad.
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement.

    Krav om godkjend politiattest ved tilsetting
    Stillinga inneber ein del kvelds- og helgearbeid. Det er nødvendig med fleksibilitet.
    Vi har eige ungdomslokale både i Bykle og på Hovden. Klubbaktivitetar båe stadar.
    Du må disponere eigen bil i teneste.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helga Jacobsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
45 27 32 18
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 150227157
Sist endret 16. jun. 2019 13:41

Rapporter annonse