Utløpt

Stilling på plan- og forvaltningsseksjonen i Sogn og Fjordane

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Stilling på plan- og forvaltningsseksjonen i Sogn og Fjordane
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Bli kjent med Statens Vegvesen
Om stillinga

I vegavdeling Sogn og Fjordane har vi ledig stilling på plan- og forvaltningsseksjonen på Leikanger. Våre hovudoppgåver er planansvar for vegprosjekt langs riks- og fylkesvegar i Sogn og Fjordane, forvaltningsoppgåver (mellom anna avkøyrslesaker, dispensasjon frå byggegrense, skilt og arbeidsvarsling), uttale til kommunale arealplanar og arbeid med trafikktryggleik og trafikktryggingstiltak. Vi jobbar også med overordna planlegging knytt til nasjonal- og regional transportplan.

Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at tryggleiken og effektiviteten i vegsystemet er så høg som mogleg. Du tek avgjersler som folk legg merke til i kvardagen, og du vil oppleve at mange er engasjerte i det arbeidet du gjer.


Arbeidsoppgåver
  • Forvaltningsoppgåver: Oppgåvene vil hovudsakleg vere knytt til vegforvaltning som avkøyrslesaker, graveløyve, dispensasjon frå byggegrense og uttale til kommunale arealplanar.
  • Trafikktrygging
  • Andre oppgåver innan ansvarsområdet til seksjonen

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule innan veg-, arealplanlegging eller anna relevant utdanning.

Erfaring innan forvaltningsoppgåver, arealplanlegging og samferdsle frå offentleg eller privat sektor er ønskeleg.

Seksjonen si verksemd er sterkt utadvent og vi legg difor stor vekt på evne til samarbeid internt og eksternt, samt gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.

Stillinga krev førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil og leggje vekt på:

  • Evne til å ta initiativ, vere løysingsorientert og jobbe sjølvstendig
  • At du kan samarbeide og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld
  • Korleis kompetansen din høver inn i den samla kompetansen på seksjonen

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve til fagleg påfyll

Lønna vert avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Torun Emma Torheim på telefon 57655845 / 99577886


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4,
6861 Leikanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Planlegger,
Saksbehandler

Rapporter annonse

FINN-kode
149996862
Sist endret
13. jun 2019 09:16
Følg firma
2386 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6861 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
149996862
Sist endret
13. jun 2019 09:16