Utløpt

VIL DU VERE MED Å UTVIKLE LANDBRUK OG ANNA NÆRINGSVERKSEMD I DISTRIKTA?

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - Landbruk og næringsverksemd i di
Frist
23.06.2019
Ansettelsesform
Fast

Frå januar 2020 vert vi ein del av Vestland fylkeskommune, saman med det som no er Hordaland fylkeskommune. Vi får då også nye oppgåver innan næringsutvikling, m.a. i samband med utvikling av landbruket i Vestland. Vi har ledig stilling som:

RÅDGJEVAR/SENIORRÅDGJEVAR – LANDBRUK OG NÆRINGSVERKSEMD I DISTRIKTA

Vi har over tid arbeidd med allsidige oppgåver innan næringsutvikling, og vi bur oss no på eit utvida ansvar innan landbruksområdet frå 2020. Dette gjeld både forvaltning av midlar til utvikling av landbruket og eit aktivt og utadretta næringsarbeid for å utvikle landbruk og skogbruk i Vestland.

Den nemnde satsinga på landbruk og skogbruk inngår i eit arbeid med å utvikle næringsverksemd i bygder og distrikt, og femnar også om lokalsamfunnsutvikling.

Vi arbeider no med å forme den nemnde verksemda, i samarbeid med sentrale samarbeidspartnarar innan næringsutvikling og landbruk. Vår nye medarbeidar vil vere med på dette arbeidet.

Du vil hovudsakleg arbeide med følgjande:

  • Ta del i arbeidet med å forme Vestland fylkeskommune sin innsats innan landbruk, skogbruk og utvikling av næringsverksemd i distrikta
  • Næringsutvikling innan landbruk og skogbruk
  • Arbeid med å utvikle tilleggsnæringar innan landbruket, m.a. innan reiseliv, vilt og lokalprodusert mat
  • Forvaltning av midlar til utvikling av landbruk og skogbruk
  • Arbeid med næringsutvikling i distrikta, og ta del i arbeid med lokalsamfunnsutvikling
  • Arbeid med faglege oppgåver som ligg til næringsområdet, m.a. sakshandsaming, utgreiing og oppfølgjing av prosjekt
  • Noko administrativt arbeid, både innan økonomi og dagleg drift av administrasjonen

Vi er i endring, og det kan etter kvart vere aktuelt å legge andre oppgåver til denne stillinga.

Arbeidet vil innebere mykje utadretta kontakt, og du vil arbeide nært saman med samarbeidspartnarar som kommunar, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og dei ulike faglaga innan fagområdet.

Vi krev

  • Universitets-/ høgskuleutdanning på masternivå innan økonomi/administrasjon, innovasjon, landbruk, samfunnsøkonomi, samfunnsvitskap eller tilsvarande

• Kravet til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis

Vi vektlegg:

  • God evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, og du er løysingsorientert
  • Gode evner til å samarbeide med andre, både internt og ut mot kommunar, samarbeidspartnarar og dei ulike næringane
  • Legning for å møte andre på ein god måte - lære av andre og dele kunnskap
  • Samfunnsinteresse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fylkeskommunen bidreg også med hjelp til å skaffe bustad og dekking av flytteutgifter

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er fylkeshuset i Leikanger.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. Og på: http://www.vlfk.no finn du informasjon om nye Vestland fylkeskommune.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
ASKEDALEN 2, 6863 Leikanger
Bransje
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

landbruk, skogbruk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Endre Høgalmen
Stillingstittel
ass. fylkesdirektør
Telefon
95 20 77 89
Følg firma
39 følger dette firmaet

ASKEDALEN 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 149844737
Sist endret 11. jun. 2019 10:34

Rapporter annonse