Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar etnolog

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar – etnolog
Frist
23.06.2019
Ansettelsesform
Fast

Fylkeskommunen er ein aktiv og sentral aktør i norsk kulturliv. Vi er no inne i store endringar gjennom fylkessamanslåinga med Hordaland, og overtaking av kulturoppgåver frå staten. I tillegg har vi også vedteke ny regional plan for kultur som skal setjast i verk frå 2019. Vi har no ledig heil fast stilling i nærings- og kulturavdelinga, kulturseksjonen.

Oppgåvene som er knytt til stillinga vil vere: 
Saker som gjeld nyare tids kulturminne og kulturlandskap slik som t.d.

  • Råd/rettleiing om kulturminneforvaltning til kommunar, organisasjonar og private.
  • Sakshandsaming (arealsaker og byggesaker) etter PBL.
  • Arbeid med regionalt viktige kulturminne og kulturmiljø.
  • Utgreiings-, prosjekt- og utviklingsarbeid.
  • Saker til politisk handsaming.
  • Tilskotsforvaltning.

Vi krev:

  • Mastergrad i etnologi, kulturhistorie, kulturminneforvaltning, e.l.
  • Erfaring frå arbeid med kulturminneforvaltning i offentleg, privat eller frivillig sektor.

Vi vektlegg:

  • God kjennskap til/erfaring frå bygningsvern og kulturlandskapsanalyse.
  • Innsikt i/kjennskap til klima- og miljøutfordringar knytt til bygningsvern.

Vi treng:

  • Ein kunnskapsrik og reflektert medarbeidar som er samarbeids- og løysingsorientert.
  • Du bidrar til tillit og aksept, er kreativ og utviklingsorientert, sjølvstendig og har gode forhandlingsevner.
  • Du er serviceinnstilt, kan kommunisere godt både internt og eksternt, og uttrykkjer deg godt både skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby:

  • spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • arbeidsstad i moderne lokale i Førde

Stillinga inneber ein del reiseverksemd, og det krav om at den som vert tilsett har førarkort.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
STOREHAGEN 1 B, 6800 Førde
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

kulturminneforvaltning, Sakshandsaming, rettleiing

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingebjørg Erikstad
Stillingstittel
ass. fylkesdirektør
Telefon
41 53 09 41
Kontaktperson
Eva Moberg
Stillingstittel
fylkeskonservator
Telefon
90 59 14 52
Følg firma
39 følger dette firmaet

STOREHAGEN 1 B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 149842121
Sist endret 11. jun. 2019 11:52

Rapporter annonse