Utløpt

Marknadskonsulent digitale kanalar

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Frist
20.06.2019
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst å jobbe med digital marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største sparebankar?

Vi treng deg i det kreative og engasjerte marknads- og kommunikasjonsteamet vårt. For å styrke kapasiteten innanfor den kunderetta kommunikasjonen, er vi på jakt etter ein kreativ og analytisk digital marknadsførar.

Du får eit særskilt ansvar for operativt arbeid med digitalt innhald som skapar meirverdi for kundane og lønnsam vekst for banken. Rapportering til leiar for marknad og kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver
. Planlegge og produsere kunderelatert innhald i digitale marknadskanalar og vidareutvikle desse
. Planlegge og gjennomføre tiltak for auka konvertering av marknadsaktivitetane
. Rapportere resultat frå dei ulike marknadsaktivitetane
. Bidra i utviklinga av marknadsstrategien og synleggjere merkevaren vår
. Vidareutvikle marknadsarbeidet generelt; sponsorarbeid, kampanjar m.m.

Kvalifikasjonar
. Høgare utdanning innanfor digital marknadsføring, informasjonsteknologi eller anna relevant utdanning
. Det er ein fordel om du har: 
    . Kjennskap til CRM, marknadsføringsplattforma Apsis og Google Analytics
    . Erfaring frå digital innhaldsmarknadsføring inkl. SEO og inbound marknadsføring

Vi søkjer deg som
. Er nysgjerrig på kven kundane våre er, kva dei vil og tenkjer og klarer å sette dette i system
. Har eit godt auge for gode brukaropplevingar og ser nye løysingar
. Du søker aktivt ny kunnskap innafor teknologi og kundeadferd
. Har stor arbeidskapasitet kombinert med lyst til å skape endring og resultat saman med andre
. God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.

Vi tilbyr
. Gode fagmiljø i ein marknadsorientert organisasjon med ei sterk merkevare
. Varierte oppgåver med stor grad av sjølvstende
. Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
. Gode moglegheiter for fagleg vidareutvikling
. Arbeidsstad: Førde, marknads- og kommunikasjonsavdelinga

Spørsmål; ta kontakt med direktør HR, Eirik Rostad Ness tlf.: 951 22 583, eller leiar Marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes, tlf.: 959 21 208.

 

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Markedsfører

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Rostad Ness
Stillingstittel
Direktør HR
Telefon
951 22 583
Kontaktperson
Johanne Viken Sandnes
Stillingstittel
Leiar Marknad og kommunikasjon
Telefon
959 21 208
Følg firma
40 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 149421097
Sist endret 21. jun. 2019 01:11

Rapporter annonse