Utløpt

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i anestesisjukepleie
Frist
28.06.2019
Varighet
Fast
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be


Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap er det ledig stilling som førsteamanuensis /førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie

Arbeidsplassen er ved Campus Bergen.


Om stillinga: 

Oppgåver i stilinga er forsking og undervisning i hovudsak knytt til masterstudiet i anestesisjukepleie.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert praksisrettleiing, oppgåverettleiing , IKT-baserte forelesingar og studentaktive læringsformer på masterstudiet i klinisk sjukepleie - anestesisjukepleie.
  • Evaluering i praksisstudia, utarbeiding av eksamensoppgåver og sensur
  • Forsking med relevans for anestesisjukepleie.
  • Bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver i instituttet, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og det kliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.   
  • Samarbeid internt ved høgskulen så vel som andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt.  

 

Stillinga har i hovudsak oppgåver ved Campus Bergen, men også i nært samarbeid med campus Haugesund og campus Førde.

Ein må pårekne undervisnings- og veiledningsoppgåver i andre årseiningar og andre studietilbod i instituttet

 


Kvalifikasjonskrav:
  • Grunnutdanning i sjukepleie, vidareutdanning i anestesisjukepleie og relevant master/hovedfag
  • Avlagt ph.d.-grad eller dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevante fagområder
  • For tilsettjng som høgskulelektor blir interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vektlagt
  • Engasjement, initiativ og interesse for at eiga vitskaplege karriereplan i anestesisjukepleie bidreg i utviklinga av det vitskaplege nivået ved fagseksjonen, instituttet og fakultetet
  • Pedagogisk kompetanse
  • Det vert krevd god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk, samt på engelsk
  • God IKT-kompetanse   

Ønska kvalifkasjonar:

  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning
  • Erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer
  • Oppdatert klinisk erfaring                                

 

Personlege eigenskapar:

  • Arbeide sjølvstendig
  • Ta ansvar
  • Vise initiativ
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer

 

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og veiledning må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje meistrar norsk eller et anna skandinavisk språk pliktar å gjennomføre norskopplæring innan to år fra tilsettingsdatoen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode  1011/1098/1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Johannes Haltbakk, 55 58 56 29

2) Instituttleiar Georg Førland, 52 70 26 36 / 948 65 911


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit bredt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og videreutdanningar, flere masterutdanningar og eit ph.d.-studie i Helse, funksjon og deltaking. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
340 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 149409085
Sist endret 6. jun 2019 10:29