Utløpt

Miljøkoordinator (overingeniør)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Vikariat som miljøkoordinator
Frist
16.06.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Miljøkoordinator (overingeniør)

Ved Seksjon for HMS, beredskap og BHT er det ledig eit 1.års vikariat som miljøkoordinator.

Seksjon for HMS, beredskap og BHT er ein fagseksjon i HR-avdelinga. Seksjonen sine oppgåver femnar om førebyggande og systematisk HMS-arbeid retta mot arbeidsmiljø, ytre miljø, organisasjon og enkeltindivid. Seksjonen arbeider innenfor eit bredt spekter av faglege utfordringar i eit internasjonalt arbeidsmiljø. Seksjonen har 8 tilsette med eit godt tverrfagleg samarbeid, med stor fagleg bredde og relevant kompetanse. 


Arbeidsoppgåver:
  • Koordinering av aktivitetar i arbeidet med det ytre miljøet, herunder engasjere og motivere studentar og ansatte til å ta val som reduserer klima- og miljøpåverknad
  • Vere bindeledd for ei koordinert miljøsatsing innafor universitetet
  • Samarbeid med andre interne og eksterne gruppar
  • Sekretariatsfunksjon for universitetets miljøstyringsgruppar

Arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra ved behov.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Høgare relevant utdanning på masternivå, alternativt bachelor med arbeidserfaring.
  • Utdanning og praktisk erfaring innan kommunikasjon og prosjektleiing vil få stor verdi ved vurdering av søkjerane
  • God miljøfagleg kompetanse og interesse for å fremme klima- og miljøforbetringar og engasjere ansatte og studentar
  • Det er krav om god munnleg og skriftlig framstillingsevne på norsk og engelsk og generelt gode IT-kunnskapar
  • Sjølvstendig, løysnings- og resultatorientert og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 513 600 - 573 100) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonsleiar Roar Nese på tlf. nr: 55588741 eller mobil 977 27 767, e-post: roar.nese@uib.no.

Nærare informasjon om Seksjon for HMS, beredskap og BHT ved Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Prosjektledelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 148893555
Sist endret 31. mai 2019 14:12

Rapporter annonse