Utløpt

Osterøy kommune søkjer prosjektmedarbeidar i regnskap over ein periode på 2 år

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Prosjektmedarbeidar regnskap
Frist
07.06.2019
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Osterøy kommune søkjer prosjektmedarbeidar regnskap i 100% stilling over ein periode på 2 år, med moglegheit for forlenging.

Økonomieininga har i dag 5 tilsette delt på 4,5 årsverk. Næraste overordna er økonimisjef.

 

Osterøy kommune har felles IKT senter med nordhordlandskommunane. 01.01.2018 innførte alle kommunane i nordhordland ny felles plattform for økonomisystemet. Bakgrunnen for stillinga er å tilrettelegga for effektivisering og digitalisering av økonomiarbeidet i kommunen.

Ei viktig oppgåve for økonomiavdelinga vil vere å få implementert nye digitale løysingar og leggje til rette for leiarane har tilstrekkeleg kompetanse til å ta i bruk dei digitale modulane særleg innanfor budsjett, økonomirapportering og e-handel.

Avdelinga har i dag ansvar for eigendomsskatt og koordinerer innkjøpsavtaler, forsikringsordningar og er kontaktpunkt mot pensjonsleverandør. 

Organisasjonen jobbar for tida med organisering av stabseiningane. Nye ansvarsområder kan bli lagt til stillinga.  

 

 

Arbeidsoppgåver

Varierte regnskapsoppgåver som scanning/fakturabehandling. Bokføring og avstemmingsarbeid.

 

Kompetanse

Søkar må ha utdanning utover vidaregåande skule innanfor regnskap/økonomi.

Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring frå regnskapsarbeid.

Til stillinga vil det krevjast gode norskkunnskapar.

 

Personlege eigenskapar

Interesse for regnskap som fag.

Ein må vere nøyaktig og ha god ordenssans.

Gode samarbeidsevner.

 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtale.

Ei stilling i eit godt og fagleg dyktig miljø med gode utviklingsmoglegheiter.

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

 

Kontaktperson

Øyvind Johannesen, Økonomisjef, tlf: 40012322, mobil: 40012322, oyvind.johannesen@osteroy.kommune.no

Marit Vinnes, tlf: 56192162, marit.vinnes@osteroy.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og er passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen, 5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Regnskap

Nøkkelord

regnskap, prosjekt, økonomi

Følg firma
173 følger dette firmaet

Rådhusplassen, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 148533926
Sist endret 27. mai 2019 13:56

Rapporter annonse