Utløpt

Lærar i kulturskulen, 29 % vikariat i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Lærar i kulturskulen, 29 % vikariat i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020
Frist
14.06.2019
Ansettelsesform
Vikariat

 Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Arbeidsstad

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til born og unge i Austevoll som ynskjer opplæring innan musikk, dans eller biletkunst. Kulturskulen er og eit lokalt ressurssenter innan desse fagområda og samarbeider med skulen og det frivillege kulturlivet. Skulen har 170 elevar og 11 lærarar.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Undervisning i faget piano

 

Kvalifikasjonar:

  • pedagogisk og musikkfagleg høgare utdanning
  • gode samarbeidsevner
  • at du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
  • ønskeleg med undervisningserfaring
  • gyldig politiattest

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med høgare pedagogisk og musikkfagleg utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med annan relevant kompetanse og erfaring innan arbeidsfeltet.

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 6, 5392 Utlandet
Bransje
Musikk,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Audun Alvsåker
Telefon
55 08 12 20
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 6, 5392 Utlandet

Annonseinformasjon

FINN-kode 148344906
Sist endret 25. mai 2019 13:02

Rapporter annonse