Utløpt

Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?

Arbeidsgiver
Kompetanse Norge
Stillingstittel
Vi søkjer etter seksjonsleiar verksemdstyring
Frist
09.06.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Om stillinga

Til å leie seksjon for verksemdstyring søkjer vi ein utviklingsorientert leiar som kan sørge for effektiv og profesjonell drift og vidareutvikling av seksjonen. Du får eit strategisk og operativt leiaransvar for dei prosesser og tenester seksjonen leverer innan planlegging av verksemda, styring og rapportering, drift og utvikling av arkivet, internkontroll og risikostyring, utgreiings- og prosjektarbeid og koordinering av det internasjonale arbeidet.

Tiltreding etter avtale.

Seksjon for verksemdstyring er ein av tre seksjonar i avdeling for ressursar og styring som har ansvaret for interne fellesfunksjonar og leiast av avdelingsleiar for ressursar og styring. Seksjonsleiaren er medlem av leiargruppa i avdelinga, har delegert budsjettansvar og personalansvar for 8 medarbeidarar.

Gjennom ditt engasjement og di løysingsorienterte haldning vil du bidra til at Kompetanse Noreg har effektive arbeidsprosessar, følgjer verksemda sine overordna verdiar og strategiar og når våre mål. Som seksjonsleiar skal du lede medarbeidarar og gje fagleg støtte og rettleiing slik at seksjonen sine oppgåver og ansvarsområde blir ivaretatt. Du må være opptatt av å sjå heilskap og samanheng og være drivar for utvikling og oppgåveløysing. 


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
  • personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
  • ansvar for planlegging av verksemda, irekna ansvar for strategisk plan, verksemdsplan, tiltaksplanlegging, satsingsforslag, årsrapport og anna rapportering knytt til drifta av Kompetanse Noreg
  • ansvar for internkontroll og risikostyring, irekna implementere og drifte system og prosessar som legg til rette for god internkontroll og risikostyring i organisasjonen
  • ansvar for drift og utvikling av arkivet og for å koordinere høyringsarbeidet i Kompetanse Noreg
  • ansvar for å koordinere det internasjonale arbeidet og ivareta vår rolle som nasjonal koordinator for EU sitt arbeid med vaksne si læring

Kvalifikasjonar

Vi krev:

  • høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå eller tilsvarande realkompetanse
  • god systemforståing og fleire års erfaring frå offentleg forvaltning
  • kompetanse og erfaring innan verksemdstyring i offentleg sektor
  • kompetanse og erfaring frå arbeidsområde som ligg til stillinga
  • erfaring med å leie, planlegge eller koordinere større prosjekt-/utviklingsarbeid
  • regelverksforståing og erfaring med å bruke relevant offentleg regelverk i eige arbeid
  • gode formidlingsevner på norsk, skriftleg og munnleg

Det er ein fordel med:

  • kjennskap til kompetansepolitikk
  • erfaring med personalleiing
  • kjennskap til frivillig sektor og partssamarbeid i arbeidslivet

Vi ønskjer at du:
  • er ein handlekraftig, motiverande og tydeleg leiar med gode samarbeidsevner
  • kan kombinere strategisk leiing med operativ gjennomføring
  • arbeider analytisk, strukturert og resultatorientert

Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga


    Vi tilbyr
    • fast stilling som seksjonsleiar blir lønt i lønnskode 1059 underdirektør med eit lønnsspenn mellom kr 695 500,- og kr 802 600,- i Statens lønnsregulativ. For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Lønsplassering blir avtalt etter ei samla vurdering av kvalifikasjonar
    • fleksibel arbeidstid
    • mobiltelefonordning
    • godt tilrettelagte lokale i Oslo sentrum
    • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette blir det trekt 2 prosent av lønna til lovfesta innskot

    Offentleg søkarliste

    Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Vi vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.


    Kontaktperson

    Navn: : fungerande avdelingsleiar for ressursar og styring Cathinca F. Hatlem

    E-post: cathinca.hatlem@kompetansenorge.no

    Telefon: 90971042


    Om arbeidsgiveren

    Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Noreg jobbar for å heve vaksne sin kompetanse slik at flest mogeleg har den kompetansen

    arbeidslivet treng. Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk under Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø.

     

     

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Karl Johans gate 7, 0103 Oslo
    Bransje
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Ledelse
    Følg firma
    995 følger dette firmaet

    Karl Johans gate 7, 0103 Oslo

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 148275757
    Sist endret 24. mai 2019 14:38

    Rapporter annonse