Vi trenger ny engasjert barnehagesjef i Klepp kommune
- Arbeidsgiver
- Klepp kommune
- Stillingstittel
- Barnehagesjef 19/1558
- Frist
- 01.09.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Om stillinga
Barnehagesjefen har ansvar for alt arbeid innanfor barnehagesektoren i kommunen og skal sikre at barnehagane er ein lærande organisasjon, som er i stadig utvikling. Barnehagesjefen har eit overordna økonomiansvar for sektoren, og har personalansvar for 14 kommunale styrarar. Det er 20 barnehagar i kommunen og seks av dei er private. Under barnehagesjefen ligg også kommunens fagteam. Det er tilknytta ein av barnehagane.
Barnehagesjefen er del av kommunalsjefen sitt leiarteam, saman med oppvekst- og skulesjef.
Oppgåver:
Barnehagesjefen skal leia og vera pådrivar for utvikling og fornying i barnehagane og for å realisera overordna planar og pålegg. Sakshandsaming som barnehagemyndigheit er lagt til stillinga. Barnehagesjefen vil delta saman med skulesjef og oppvekstsjef for å vidareutvikla ei tett samhandling mellom skular, barnehagar og andre avdelingar i oppvekstområdet. Barnehagesjefen rapporterer til kommunalsjef Barn og unge
Kvalifikasjonar:
Søkarar må ha høgare relevant utdanning og god kjennskap til barnehagefeltet. Det blir lagt vekt på relevant leiarerfaring og strategisk forståelse. Det vil vera ein fordel å ha erfaring i samhandling mellom politikk og administrasjon. Det blir også lagt vekt på at ein er oppdatert på kva som er aktuelt innanfor barnehageområdet nå. Søkarar må ha kunnskap om lov- og avtaleverk knytt til barnehageområdet, samt medbestemming. Søkarar må ha innsikt i økonomi og administrasjon. Det er eit krav om å beherske begge målføre.
Personlege eigenskapar
Klepp kommune ønsker ein barnehagesjef som utviser tydeleg leiarskap, vilje til å utvikla barnehagesektoren og som evnar å kombinera strategisk og målretta arbeid med ein motiverande og samarbeidande stil.
For meir informasjon, ta kontakt med kommunalsjef Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold, mobil: 95461946
Løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Solavegen 1, 4352 Kleppe
- Bransje
- Barn, skole og undervisning,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Rådgivning,
- Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
utvikling og fornying, samhandling mellom barnehage og skule, strategisk forståelse, økonomi, barnehagemyndighet
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold
- Stillingstittel
- kommunalsjef
- Mobil
- 95 46 19 46
Solavegen 1, 4352 Kleppe