Utløpt

Er du ein ung, teknisk, kunnskapsrik og eventyrlysten person?

Arbeidsgiver
Evotec AS
Stillingstittel
SERVICEINGENIØRAR – MEKANISK/HYDRAULISK
Frist
10.06.2019
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer no etter Serviceingeniørar for snarleg tilsetjing.

Vedkommande vi søkjer er ein motivert og strukturert medarbeidar som er proaktiv, tek ansvar og er villig til å ha sentral rolle i gjennomføring av små og store jobbar ifbm. oppstartar og serviceoppdrag ute hjå kunde.

Kandidaten vi søkjer bør ha ei grunnleggande god utdanning (fagbrev), og finn motivasjon i å være i første linje for å løyse kunden sine utfordringar, drive generell service og vedlikehald, eller ta del i oppstart av leveransar frå Evotec AS.

Du må vere eventyrlysten og klar til å kunne reise ut på kort varsel når behovet er der. Stor reiseaktivitet må påreknast. Vi leverer prosjekt og har kundar rundt heile verda, og skal vi vinne framtida må vi sørge for at desse vert tatt godt vare på gjennom tenestene vi tilbyr.

Vi søkjer i utgangspunktet etter serviceingeniørar innanfor mekanisk/hydraulisk disiplin.
Men; kan du vise til god kunnskap på tvers av disiplinane, eksempelvis automasjon/elektro med god forståing og interesse for mekanikk og hydraulikk, så vil dette telje positivt i søknadsvurderinga.
Det same gjeld å kunne vise til noko erfaring i liknande industri og stilling.

Du må fungere både som lagspelar i team, og ute på serviceoppdrag åleine, og elles har personlege eigenskapar som gjer deg til ein god ambassadør for oss i kontakt med kundar.

Du må ha kommersiell teft som både tek omsyn til kostoptimale løysingar for kundane, og det å skulle tene pengar på tenestene og produkta vi tilbyr.

Stillinga er primært ei stilling som inneheld og krevjer mykje reising, men i perioder utan slike oppdrag vil det krevjast at ein deltek i anna arbeid i bedrifta, eksempelvis montering og testing i eigen produksjon.

Stillinga vil rapportere til VP After Sales & Service

Vil vil gjerne ha fleire dyktige kvinner med på laget, og vil oppfordre kvinner om å søkje.

For den rette kanidaten kan vi tilby eit svært godt arbeidsmiljø der alle vil kunne søke utfordringar og personleg utvikling. I tillegg tilbyr vi konkuransedyktige betingelsar.

Søknad med CV via Finn.no søknadsportal innan 10.06.2019

Om arbeidsgiveren

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Etter nokre år som del av eit større konsern er vi no tilbake med forankring i lokalt eigarskap og skal rigge bedrifta for vidare satsing og vekst.

Sektor
Privat
Sted
Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Mekanikk og installasjon

Nøkkelord

Mekanikk, Hydraulikk, Service, Reise

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Kristian Romestrand
Stillingstittel
VP After Sales & Service
Telefon
90 59 60 97
Følg firma
35 følger dette firmaet

Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 148261676
Sist endret 11. jun. 2019 00:06

Rapporter annonse