Utløpt

Årsvikariat ledig for apotekteknikar ved Sjukehusapoteket i Stavanger

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Årsvikariat ledig for apotekteknikar ved Sjukehusapoteket i Stavanger
Frist
09.06.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Sjukehusapoteket i Stavanger leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Stavanger, og er eit av landets største apotek med omlag 55 tilsette. Sjukehusapoteket har fire avdelingar: Publikumsapotek, produksjonsavdeling, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester. Avdelingane ved sjukehusapoteket samarbeider tett og har eit godt og spennande fagmiljø. Vi har no eit ledig årsvikariat i vår produksjonsavdeling for ein engasjert apotekteknikar.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av legemiddel. Mellom anna tilsetning til intravenøs ernæring, cytostatika og smerte- og anibiotikapumpe
  • Klargjera til produksjonar
  • Reinhald av utstyr ved produksjon
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Apotekteknikar med autorisasjon
  • Relevant arbeidserfaring er ønskelig, men vi vil gjerne høre frå deg som er nyutdanna også
  • Du må meistre norsk, skriftlig og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Eigenskapar

  • Vi ser etter deg som trivast i ein hektisk kvardag, og det forventast at du evnar å vera strukturert og serviceinnstilt. I tillegg ser vi etter ein medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig, vera løysningsorientert og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vikariat i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4019 Stavanger
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Kontaktperson
Tonje Folkvang
Stillingstittel
Sjukehusapotekar
Telefon
91 14 46 39
Følg firma
196 følger dette firmaet

Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4019 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 148216009
Sist endret 23. mai 2019 19:08

Rapporter annonse