Utløpt

Kundeservicemedarbeidarar

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Kundeservicemedarbeidarar
Frist
05.06.2019
Ansettelsesform
Fast


Vi søker to faste medarbeidarar i 100% stilling, med stort engasjement for sal og kundeservice.


Arbeidsoppgåver:


  • Billettsal og informasjon om våre framsyningar, aktivitetar og produkt.
  • Resepsjonstenester.
  • Diverse administrative oppgåver knytt til kundedatabase og oppgjer.
  • Servicetenester i foajéområdet.


Vi søker deg som:


  • Har god kjennskap til CRM-system/bookingsystem, og har dokumentert erfaring frå billettsal eller resepsjon.
  • Vil bidra til at avdelinga og Det Norske Teatret når sine salsmål, held høg kvalitet på kundeservice og styrker relasjonane til publikum.
  • Har god formidlings- og formuleringsevne. Sterk i skriftleg norsk, kjennskap til nynorsk er ein fordel.
  • Er imøtekommande og syner interesse for aktivitetane i huset, slik at du kan ta imot publikum på ein hyggeleg og opplysande måte.
  • Er strukturert, praktisk, sjølvstendig og trivst med eit høgt tempo.
  • Er fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver.


Vi tilbyr:


  • Eit spennande og variert arbeidsmiljø.
  • God tilgang til kulturelt påfyll.

Du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.

Vi oppfordrar personar med minoritetsbakgrunn til å søke

Om arbeidsgiveren

Spennande stilling ved landets viktigaste teater
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kundeservice,
Salg

Nøkkelord

billettsalg, teater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lone Nordløkken
Stillingstittel
Serviceleiar
Følg firma
575 følger dette firmaet

Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 148208777
Sist endret 4. jul. 2019 18:28

Rapporter annonse