Utløpt

Ledige stillingar som politiadvokat - ved Felles eining for påtale, Seksjon Sogn og Fjordane i Florø

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Ledige stillingar som politiadvokat/politifullmektig i Vest politidistrikt
Frist
04.06.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiet

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for påtale, er det ledig 2 eller fleire faste stillingar som politiadvokat SKO 1245 ved seksjon Sogn og Fjordane. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere å ansette i stilling som politifullmektig SKO 0288. Stillingane er stadsplassert i Florø. Ein må pårekne noko reiseverksemd.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vere ansvarleg for etterforskinga i den enkelte sak. Dette inneber å kvalitetssikre etterforskinga, sørge for at den er planmessig og formålsstyrt og at den blir gjennomført med naudsynt framdrift
  • Utøve legalitetskontroll og sikre at krava til rettstryggleik og objektivitet blir ivaretatt på alle trinn i sakshandsaminga, at handsaming av den enkelte sak skjer i tråd med gjeldanderegelverk, direktiver frå overorda påtalemyndigheit og påtalemyndigheita sine etiske retningslinjer 
  • Ansvar for løpende påtalevurderingar og påtaleavgjerder i eigen saksportefølje, m.a. vurdereog beslutte bruk av tvangsmidler 
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat krev ein minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommarfullmektig eller tilsvarande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming utgjer ein stor del
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Vere ansvarsbevisst og strukturert
  • Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Stillingane blir lønna som politiadvokat SKO 1245 i spennet frå kr. 555.000 til kr. 600.000 brutto per år eller som politifullmektig SKO 0288 i spennet frå kr. 513.000 til kr. 550.000 brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
  • Bedriftshelseteneste

Generelt 

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.

Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.

Vi ber om elektronisk søknad via lenka. 

 

Ref. nr.  201903897

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.



Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 1, 6905 Florø
Bransje
Juridiske tjenester,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Jurist / Politiadvokat

Nøkkelord

advokat,, politiadvokat,, jurist,, politifullmektig

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ronny Iden
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 75 88 80
Kontaktperson
For spørsmål om elektronisk CV/søknad
Stillingstittel
Seksjon for HR
Telefon
55 55 63 00
Følg firma
3818 følger dette firmaet

Strandavegen 1, 6905 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 148028601
Sist endret 21. mai 2019 14:18

Rapporter annonse