Utløpt

2. gangs utlysning! Osterøy kommune søkjer sjukepleiar i 100% stilling (75% fast og 25% vikar)

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
01.07.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig ei fast stilling på 75% + 25% i vikariat til 30.06.2020 med mogleighet for fast stilling, som sjukepleiar i Hauge Bufellesskap. Osterøy er Norges største innlandsøy med rett over 8000 innbyggjarar. Øya ligg nordaust for Bergen og har fastlandsforbinding via bru eller ferje. Det tek ca. 20 minutt frå Arna og 40 minutt frå Bergen med bil. Øya har nydeleg natur frå fjord til fjell.

 

Hauge Bufellesskap er ein del av heimetenesta og inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følgjer same retningsliner som andre heimebuande. Sjukepleiaren har eit overordna ansvar på si vakt. Det inneber faglege vurderingar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge bufellesskap har heildøgns bemanning med eigne nattevaktar.

 

Heimetenesta  yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova, og vi har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for viderutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og digihelse. I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innanfor ulike fagfelt, til dømes palliasjon.

 

Arbeidsoppgåver

Omsorg til menneske i deira eige heim.

Oppfølging av ein ressurskrevande brukar

Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressusar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)

Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand

Samarbeid med pårørande

Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

Faste møter med fleire samarbeidspartar

 

Kompetanse

Krav om autorisasjon som sjukepleiar

Fordel med relevant viderutdanning

Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi har CosDoc som dokumentasjonsprogram)

Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Ansvarsbevisst

Fleksibel og endringsvilleg

Viser omsorg for andre

Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande

Punktleg og stukturert

Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

 

Vi tilbyr

Avanserte sjukepleiaroppgåver

Fokus på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering

Tverfagleg samarbeid

Nært kollegialt fellesskap

Godt arbeidsmiljø

Løn etter tariff

Gode pensjonsvilkår

Moglegheitar for vidarutdanning

 

Anna

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Førerkort klasse B er påkrevd.

 

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

 

Kontaktperson

Anne Berit Skjelfjord Jørgensen, Einingsleiar, tlf: 56192613, mobil: 40806942, anne.jorgensen@osteroy.kommune.no

Ingrid Louise Mosevoll Aglen, avdelingsleiar, tlf: 56192611, mobil: 45376179, ingrid.aglen@osteroy.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og er passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Sykepleier, hjemmetjeneste, Osterøy, 100%

Følg firma
173 følger dette firmaet

Rådhusplassen, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 147936814
Sist endret 20. mai 2019 13:07

Rapporter annonse