Utløpt

Førsteamanuensis i klimatilpassing og bærekraft i byggenæringa

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis i klimatilpassing og bærekraft i byggenæringa
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør og naturvitskap er det ledig fast stilling som førsteamanuensis i klimatilpassing og bærekraft i byggenæringa frå 01.08.2019

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise på bachelorprogrammet i fornybar energi, på master-programmet i Climate Change Management,  ved byggingeniørutdanninga, på PhD-programmet i Responsible Innovation and Regional Development, delta som medlem i det nasjonale senteret for bærekraftig klimatilpassing NORADAPT, og drive forsking innafor klimatilpassing og bærekraft. Særleg viktig vil det vere å knyte samarbeid mellom HVL og samfunns- og arbeidsliv gjennom eksternt finansierte FoU-prosjekt (t.d. Nærings PhD, KD-PhD) og studentprosjekt. Hovudarbeidsplassen er campus Sogndal


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Undervise i fornybar energi, klimatilpassing og bærekraft i byggenæringa
  • Rettleie bachelor- master- og PhD-studentar
  • Forske på klimavennlege bygg og bærekraftig utvikling
  • Bidra med å auke internasjonal lærar- og studentmobilitet
  • Søke nasjonal og internasjonal forskingsfinansiering
  • Utvikle prosjektbaserte tverfaglege undervisningsopplegg, t.d. bruk av VR-teknologi

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om doktorgrad i byggfag med spesialisering på klimatilpassing og berekraft. 

I tillegg vert det lagt vekt på erfaring fra (med): 

  • Undervisning på bachelor- master- og PhD-nivå frå UH-sektoren
  • Rettleiing av bachelor- og masterstudentar
  • Leiing, rådgjeving og forsking i UH-sektoren
  • Tverfagleg forskingssamarbeid innan  energi, miljø og bærekraft
  • Søknadsskriving om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar
  • Nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid
  • Større forskingsprosjekt og forskingssentre
  • Kompetanse innan bygningsfysikk

Søkaren bør skissere sin forskingsambisjon og kva forskingsområde ein ønskjer å arbeide innafor med relevans for klimatilpassing og berekraft.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å leie forskingsprosjekt og motivere medarbeidere
  • Evne til å etablere faglege nettverk, arbeide proaktivt og ta eigne initiativ
  • Vere open og inkluderande og rettleie kollegaer
  • Vere oppteken av å utvikle eit godt arbeidsfellesskap

 

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Språkkunnskap:

Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar som ikkje beherskar norsk eller eitt anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

 


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal, tlf. +47 57 67 62 40 / +47 95 29 96 75, epost: tarald.seldal@hvl.no


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6,
6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Undervisning og pedagogikk

Rapporter annonse

FINN-kode
145871580
Sist endret
26. apr 2019 08:45
Følg firma
305 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
145871580
Sist endret
26. apr 2019 08:45