Utløpt

Vartdal Plast styrkar teamet - søkjer ny, dyktig salgsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Vartdal Plastindustri AS
Stillingstittel
Salgsmedarbeidar
Frist
30.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Som ledd i arbeidet med å utvikle vår salsorganisasjon innanfor forretningsområdet bygg, ynskjer vi å knyte til oss ein framoverlent salsmedarbeidar. Stillinga inngår i eit team som i dag består av 7 personar.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

o Oppfølging av eksisterande kunderelasjonar

o Ordreregistrering

o Utarbeiding og oppfølging av tilbod

o Planlegge og gjennomføre salsfremjande og lokale ?marknadsaktivitetar i fellesskap med avdelinga

o Utvikle nye potensielle kunderelasjonar

o Kundeoppfølging og teknisk service

o Koordinere ordre / levering

 

Noko reiseverksemd må påreknast


Erfaring/ Kvalifikasjoner: 

Sal handlar om å ha rett personlegheit, stå-på-vilje og ei interesse for jobben og andre menneske.


Du må:

o Kunne arbeide sjølvstendig og ha høg arbeidskapasitet

o Vere tillitsvekkande og truverdig

o Vere målbevisst og resultatorientert

o Vise gode evner til samarbeid og vere ein lagspelar

o Gjerne ha byggeteknisk erfaring

o Du må ha god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne og vere fortruleg med bruk av dataverkty (Office, CRM, ERP)

 

Vi tilbyr konkurransedyktig løn, eit ekspansivt og godt arbeidsmiljø og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Om arbeidsgiveren

VARTDAL PLASTINDUSTRI AS er blant dei fremste bedriftene i landet når det gjeld utvikling og produksjon av emballasje til fiskeindustrien, isolasjon/forskalingssystem til byggindustrien og teknisk emballasje til møbel- og kvitevareindustrien, framstilt av ekspandert polystyren (EPS). Vi har fleire heileigde og deleigde fabrikkar langs norskekysten. Etter kvart er også transport blitt eit viktig satsingsområde. Vi er ei bedrift i stadig vekst og omset i dag for ca. 800 mill. i året og har om lag 200 tilsette.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Vartdalsstranda 1072, 6170 Vartdal
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Salg / Løsningssalg

Nøkkelord

Salg, Kundeservice, Team

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jarl Sandnes
Stillingstittel
Salgssjef Bygg
Mobil
Vis telefonnummer

Vartdalsstranda 1072, 6170 Vartdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 145233925
Sist endret 29. mai 2019 20:01

Rapporter annonse