Utløpt

Vil du vera med å vidareutvikla, fornya og profesjonalisera nye Sogndal kommune?

Arbeidsgiver
Nye Sogndal kommune
Stillingstittel
Juridisk rådgjevar/jurist
Frist
05.05.2019
Ansettelsesform
Fast

Nye Sogndal kommune vil modernisera, profesjonalisera og vidareutvikla kommunen som forvaltningsorgan.

Stillinga som juridisk rådgjevar vil i 2019 tilhøyra prosjektorganisasjonen, men frå 01.01.2020 rapportera direkte til rådmann, men dagleg plassert i stab/støtte og ha tverrgåande rådgjevingsfunksjon innan ulike rettsområde.

Arbeidet vert til ein kvar tid regulert av lover, forskrifter, regelverk og interne rutinar.

Det vert føresett at juridisk rådgjevar har relevant juridisk erfaring og formell kompetanse, og at ein til ei kvar tid er fagleg oppdatert, sikrar gode interne rutinar og at desse vert oppdatert og etterlevd. Vidare må juridisk rådgjevar vere pådrivar for å forenkle og effektivisere kommunen sine prosessar. Vi ynskjer ein sterk fagperson i stillinga, med stor grad av integritet.

Arbeidsoppgåver

- Vere med å vidareutvikle og effektivisere heile organisasjonen, både smart- og dynamisk utan å verte byråkratisk.

- Kvalitetssikra, vidareutvikla gode interne rutinar for nye Sogndal kommune i henhald til lov og avtaleverk.

- Sikre gode og effektive faglege analyser.

- Leiarstøtte.

- Ein ser føre seg at stillinga vil ha fleire sakshandsamings -og rådgjevingsfunksjonar innan felta personalfelt, innkjøpsfelt, konsultasjon knytt til faglege problemstillingar i samband med generell kommunal tenesteproduksjon, innbyggjarklager med vidare.

Formalkompetanse:

- Jurist/master i rettsvitenskap.

Realkompetanse:

- Minst tre års erfaring som jurist.

- Sakshandsaming innan offentleg administrasjon.

- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar:

- Evne til å arbeide sjølvstendig, men på same tid ha gode samarbeidseigenskapar og motivere kollegaer.

- Fleksibel, dynamisk.

- Høg integritet.

- Positiv, proaktiv og engasjert.

- Arbeide nøyaktig, strukturert og effektivt.

- Ha gode datakunnskapar og god systemforståing.

- Ha gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.

- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar som krevst i stillinga vil verte vektlagd.

Vi kan tilby:

- 100% fast stilling med oppstart etter avtale.

- Gunstig pensjonsordning og ulykkes - og gruppelivsforsikring

- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.

- Løn etter avtale.

Arbeidsstad:

Leikanger

For søknad:

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.nye.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 05.05.2019


Om arbeidsgiveren

Kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal går saman til ein ny felles storkommune i Sogn frå 01.01.2020. Den nye kommunen vil få nærare 12.000 innbyggjarar og meir enn 3.000 studentar. Nye Sogndal kommune vil ha nær 1.200 årsverk. Den nye kommunen vert ein vekstkommune, der me skal leggje til rette for gode og effektive tenester. Ein finn
eit mangfaldig og offensivt næringsliv, i tillegg er kommunen ein viktig vertskommune for sentrale statlege og regionale funksjonar. Nye Sogndal byr på urbane kvalitetar med eit aktivt idretts-, lag og organisasjonsliv. Kommunen har mange flotte buområde og vakker natur, samt eit rikt kultur- og friluftstilbod for alle. Regionen er ein av dei største reiselivsmåla i landet, og har mykje å by på både for fastbuande og for tilreisande. Nye Sogndal skal fremja godt samarbeid med innbyggjarar, lag og organsiasjonar, næringsliv og andre aktørar.

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Juridiske tjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Rådgivning

Nøkkelord

forvaltning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Arne Thune
Stillingstittel
prosjektrådmann
Mobil
95 02 58 12
Kontaktperson
Marianne Skjeldestad Hove
Stillingstittel
økonomisjef
Mobil
90 79 60 89
Følg firma
1 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 145128987
Sist endret 28. mai 2019 12:40

Rapporter annonse