Utløpt

Me ønskjer deg velkommen som søkjar til skulane i Klepp kommune!

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Fellesutlysing lærarar skuleåret 2020/21 - 19/2400
Frist
01.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Me er ein del av Jærskulen og søkjer lærarar og tilsette som vil vera med på ei spanande framtid der fagleg fokus, læring og utvikling og kollegialt fellesskap er viktig. Læring og utvikling for kvar enkelt elev står i sentrum.

Det vert arbeidd aktivt med ny læreplan som trer i kraft i 2020. Me samarbeider som del av Jærskulen i partnarskap med ressurspersonar ved Universitetet i Stavanger. Hjå oss vil du vere del av eit kollegialt felleskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling. 

I Klepp arbeider me med pedagogisk bruk av læringsteknologi. Me har lærebrett 1:1 (iPad) som verktøy i læringsarbeidet på alle trinn på skulane våre. Vår ambisjon er å leggja til rette for at alle våre lærarar skal utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse.

Tidleg innsats, medborgarskap og livsmeistring har vore sentralt det siste året. Det er utvikla ein felles modell for tidleg innsats som er innført på alle skular. Me har fokus på å jobba førebyggjande. Me er opptekne av å sikra elevane eit godt læringsmiljø der den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag. Dette er ei stor oppgåve som fleire må stå saman om. Eit viktig tiltak er at PPT er meir ute på skulane saman med helsesjukepleiar.

Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar. 

I dag har me ni skular i kommunen. Av desse er to ungdomsskular, to er kombinert 1 - 10 skular og resten er barneskular. I tillegg har me Eirik Raude senteret om er ein god støtte for skulane i kommunen.

Hjå oss får du: 

  • Arbeida saman med dyktige kollegaer.
  • Arbeida på skular som er digitalt oppdatert.
  • Rettleiing dei to første åra som nyutdanna.
  • Tilbod om etter- og vidareutdanning.

Faglege behov er grunnskulelærarar, allmennlærarar, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, naturfag, spesialpedagogikk og pedagogisk bruk av læringsteknologi. 

De finn meir informasjon om skulane på nettsida til Klepp kommune

Me krev politiattest for tilsetting i skulen. 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering. 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
4350 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Idrett og trening,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Nøkkelord

undervisning, barneskole, ungdomsskole, kontaktlærer, klasseledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Harald Forsmo
Stillingstittel
skulesjef
Telefon
46 94 42 73
Mobil
46 94 42 73
Følg firma
244 følger dette firmaet

4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 145053478
Sist endret 18. feb. 2020 09:00

Rapporter annonse