Utløpt

Lærar Enge skule

Arbeidsgiver
Etne kommune
Stillingstittel
Lærar Enge skule
Frist
26.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ETNE KOMMUNE

Enge skule søkjer etter fleire lærar i 75-100% fast stilling.

Enge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule (1.-10. klasse) med SFO og den ligg i sentrum av Etne. Skulen har 415 elevar og to parallellar på alle årstrinn. Skulen har òg ansvar for drifta av vaksenopplæringa i kommunen.

Enge skule er ein skule i utvikling og endring. Frå hausten 2019 vil alle trinna nytte seg av nye undervisningslokale då ungdomsskulen flytter inn i bygdas storstove, Skakkesenteret. Me er i tillegg blitt heildigital ved at samtlege elevar frå 1.-10.klasse nyttar iPad i undervisninga. Skulen har særleg fokus på inkluderande skulemiljø, og me er m.a ein MOT skule. Frå hausten 2019 skal skulen satse meir på MOT gjennom programmet "Skulen som samfunnsbyggjar". Me skal òg i gong med å satsa meir på fysisk aktivitet og fysisk aktiv læring dei kommande åra.

Skulen har eit fagleg dyktig kollegiet med høg grad av trivsel. Totalt er me rett i overkant av 80 tilsette på skulen, SFO og vaksenopplæringa. Leiinga ved skulen har nyleg vore gjennom ein omorganiseringsprosess, alle i leiinga er relativt nye og består av rektor samt 3 avdelingsleiarar og merkantil ressurs.

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag. Skulen har behov for lærar på alle steg. Den som vert tilsett må kunne ta på seg oppgåva som kontaktlærar.

Ønska kompetanse
Krav:
Godkjent allmennlærerutdanning eller godkjent utdanning frå høgskule eller universitet, i henhold til gjeldande krav for tilsetting og undervisningskompetanse. Skulen har behov for kompetanse på fleire steg. Søkjarar vil bli vurdert i forhold til kompetanse, skulens behov, ansiennitet og personlege eigenskapar. Det er ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter, og då særleg på iPad.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter:
- vaksen som er samarbeidsvillig og fleksibel.
- tek ansvar og er ein tydelig vaksen.
- har god relasjonskompetanse.
- er strukturert.
Det legges stor vekt på personlege eigenskapar.

Anna
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.

Søknad skal sendast Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000.
Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Om arbeidsgiveren

Etne Kommune har 4100 innbyggjarar. Kommunen har to tettstader, Skånevik og Etne. Kommunen ligg naturskjønt til mellom fjordar og fjell og tilbyr rike moglegheiter for friluftsliv heile året.
Det er kort reiseveg til regionssenteret Haugesund, og Stavanger og Bergen ligg omlag 3 timar unna.
Etne har eit rikt organisasjonsliv og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Kommunen kan mellom anna skilte med god barnehagedekning, oppussa barne- og ungdomsskule og kulturhuset “Skakkesenteret” som inneheld bibliotek, kinosalar og regionens største idrettshall med klatrevegg.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Kvalheim
Stillingstittel
Konst. leiar Utvikling
Telefon
98 60 59 72
Kontaktperson
Bjørn Eikemo
Stillingstittel
Konst. kommunalsjef
Telefon
97 03 82 40
Følg firma
20 følger dette firmaet

Sjoarvegen 2, 5590 Etne

Annonseinformasjon

FINN-kode 144847282
Sist endret 27. apr. 2019 00:15

Rapporter annonse