Utløpt

Rektor Lalm skule

Arbeidsgiver
Vågå kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
05.05.2019
Ansettelsesform
Fast

I Vågå kommune er det frå 01.08.2019 ledig stilling som rektor ved Lalm skule.


Vågå har i dag tre skular, Vågåmo skule og Lalm skule som er 1-7-skular og Vågå ungdomsskule. Det totale elevtalet i Vågåskulen er om lag 430 elevar. Dagens organisering av skulane i Vågå, kan bli endra i åra som kjem.


Lalm skule er ein 1-7-skule med om lag 52 elevar. Personalet består av 8 lærarar og to assistentar i tillegg til rektor. Administrasjonsressursen ved skulen er 100%. Skulen har eit stort og flott uteområde å utfalde seg i, og brukar dette mykje i skulekvardagen. Lalm skule har faste tverrfaglege opplegg som Med rein som læremeister og Spor i stein .


Er du klar for utfordring og utvikling?

Vi søker ein engasjert rektor som vil vera med på å vidareutvikle Vågåskulen.

Våre overordna mål er:

  • Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
  • Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.

 

Satsingsområde i Vågåskulen:

  • Det har gjennom fleire år vore sterk satsing på bruk av IKT i skulen i Vågå, og alle elevar har eigen PC.
  • Tidleg innsats
  • Forpliktande samarbeid heim/skule


Vi søker etter ein leiar som:

  • Er tydeleg i leiarrolla og har stor gjennomføringsevne
  • Kan bygge samarbeidsrelasjonar på tvers av tenesteområde og verksemder
  • Har erfaring frå leiing og skuleutvikling
  • Kan motivere tilsette, elevar og føresette til å skape ein god kultur for læring for eit felles kunnskapsløft
  • Har godt humør
  • Aktuelle søkjarar må ha undervisningskompetanse. Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.


Nærare informasjon om stillingane får du ved å kontakte:

Helen Øygarden, konstituert kommunalsjef barnehage og utdanning helen.oygarden@vaga.kommune.no, tlf. 91 19 41 30

Øyvind Herland Berge, rektor Lalm skule oyvind.herland.berge@vaga.kommune.no,

tlf. 97 12 48 26

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.

 

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.                                

 

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Offentlig
Sted
Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

rektor, tjenesteleder, skoleledelse, barneskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helen Øygarden
Stillingstittel
Kommunalsjef barnehage og utdanning
Mobil
Vis telefonnummer

Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Annonseinformasjon

FINN-kode 144845635
Sist endret 24. mai 2019 14:24

Rapporter annonse