Utløpt

Farmasøytstillingar ledig på Sjukehusapoteket i Førde

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Farmasøytstillingar ledig på Sjukehusapoteket i Førde
Frist
30.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Helse Førde HF er hovudkunde og apoteket driv og publikumsutsal på Førde Sentralsjukehus. Dei om lag 20 tilsette i Førde er fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.
Vi har no ein ledige fast farmasøytstilling og eit ledig årsvikariat for farmasøyt. Stillingane plasserast i eininga som passar best med kandidatanes erfaring og kompetanse.
Vi søkjer engasjerte farmasøytar som kan bidra til å vidareutvikla Sogn og Fjordanes mest spennande arbeidsplass innan farmasi.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver vil ligge innan områda vareflyt, kundeservice, sal, produksjon og rettleiing.
  • Du vil og kunne ta del i utviklingsoppgåver internt, regionalt og nasjonalt
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Farmasøyt med autorisasjon
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • Du må meistre godt norsk, skriftlig og munnleg
  • Gode IKT kunnskap

Eigenskapar

  • Stillinga krev gode samarbeidsevner, og det er forventa at den som blir tilsett skal kunne drive fram og leie utvikling gjennom teamarbeid i tverrfaglege miljø. I tillegg kunne arbeide sjølvstendig, vere løysingsorientert og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du er positiv og imøtekommande og bidreg til trivsel og godt arbeidsmiljø.
  • Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Jobb i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg,
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Kontaktperson
Marianne Saugestad
Stillingstittel
Konst. sjukehusapotekar
Telefon
55 97 53 44
Følg firma
196 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 144781592
Sist endret 11. apr. 2019 14:54

Rapporter annonse