Utløpt

Aksello søkjer prosjektleiar innan havbruk

Arbeidsgiver
Aksello AS
Stillingstittel
Prosjektleiar havbruk
Frist
01.05.2019
Ansettelsesform
Fast

Har du erfaring innan havbrukssektoren og ønsker å arbeide i eit innovativt og spennande miljø? Då har Aksello ei stilling som bør interessere deg.

Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane. Havbruk er ei næring for framtida, og vi ynskjer å styrke teamet vårt med ein erfaren medarbeidar innan dette viktige området.

Første oppgåve blir å gjennomføre eit forprosjekt for meir samarbeid mellom havbruksaktørane i regionen, både mellom bedrifter, lokale styresmakter og akademia. Målsettinga er større verdiskaping, berekraftig utvikling og større sysselsetting i næringa.

Aksello etablerer no eit prosjekt for å legge til rette for dette. Til å leie arbeidet søker vi ein person med erfaring innan havbruk og kunnskap om offentleg forvaltning.

Arbeidsoppgåver:

Formulere og gjennomføre Havbruksprosjektet , inklusive:

·       Sikre deltaking i prosjektet frå relevante og gode aktørar.

·       Sikre samarbeid med eksterne partnarar nasjonalt og internasjonalt

·       Sikre finansiering til prosjektet sine ulike aktivitetar

·       Koordinere framdrifta i prosjektet og rapportere til finansierings­partnarar og andre

·       Framsnakke havbruksektoren og moglegheitene der i både interne og eksterne fora

Prosjektleiaren må rekne med å delta i løysing av oppgåver innan Aksello sine øvrige forretningsområde, som rådgjeving til inkubatorverksemder, arrangering av møteplassar osb.

Kven er du?

Vi søker ein person som:

·       Har høgare relevant utdanning

·       Har kunnskap og nettverk innan havbruksnæringa i Sogn og Fjordane

·       Har erfaring frå prosjektleiing

·       Har kjennskap til verkemiddelapparatet og offentleg sektor

·       Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt - både sjølvstendig og saman med andre

Vi ser etter nokon som har kommersiell forståing og samtidig kan sjå havbruksnæringa frå lokale styresmakter sin ståstad, samt evne til å skape tillit og gode relasjonar.

Vi kan tilby:

·       Ei svært spanande og sjølvstendig stilling der du kan gjere ein stor skilnad

·       Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre

·       Innovativt miljø og moderne kontorlokaler i Florø sentrum

·       Konkurransedyktige vilkår, inklusive fleksitid og god pensjonsordning

Om arbeidsgiveren

Aksello AS er eit næringsutviklingsselskap som dekkar kysten av Sogn og Fjordane. Aksello er inkubator gjennom Siva sitt nasjonale inkubatorprogram i tillegg til å drive kommunal næringsutvikling og eigne prosjekt. Aksello sin visjon er å skape og sikre arbeidsplassar i regionen.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Sted
Magnus Thingnesgate 1, PO.Box 93, 6905 Florø
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lone Bareksten
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
Vis telefonnummer

Magnus Thingnesgate 1, PO.Box 93, 6905 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 144738724
Sist endret 22. mai 2019 22:24

Rapporter annonse