Utløpt

Vil du bli prosjektleiar for nytt opplæringsfartøy?

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
24.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Måløy vidaregåande skule har ledig ei utfordrande og spennande toårig mellombels stilling som prosjektleiar for bygging av nytt opplæringsfartøy. Om du har kvalifikasjonar som maskinsjef eller skipper kan det vere aktuelt med fast tilsetting, der du får ansvar for drift og vedlikehald av fartøyet når dette er på plass.

Prosjektleiar har det operative ansvaret for prosjektet, og oppgåver som:

  • stå for dagleg leiing av prosjektet
  • utvikle prosjektmål og motivere heile prosjektorganisasjonen til å arbeide mot fastlagte felles mål
  • utarbeide framlegg til prosjektplan og leie framdrifta i prosjektet
  • fylgje opp ressursbruk, framdrift og prosjektrekneskap mot planar og budsjett og rapportere status og ev. avvik
  • gjennomføre prosjektintern kvalitetssikring, risikoanalyse og risikostyring
  • planlegge, organisere, styre, samordne og integrere den totale prosessen og sikre god kommunikasjon og regelmessig informasjon til alle deltakarane i prosjektet
  • koordinere brukarmedverknad, frå planlegging til aktiv medverknad fram til overtaking
  • definere miljøkrav og ev. relevante sertifiseringar ved oppstart av prosjektet, og fylgje opp desse i gjennomføringa av prosjektet
  • ta i vare byggespesifikasjon og sjå til at arbeid på fartøyet vert utført på ein tenleg måte og med høg standard.
  • delta i byggetilsyn som inneber inspeksjon og ettersyn av konstruksjon og utrustning
  • delta i arbeidet med klargjering av fartøyet for overtaking frå verft i høve nødvendige sertifikat frå skipsregister, sjøfartsmyndighetene, klasseselskap og leverandørar

Krav til kompetanse

  • relevant ingeniørutdanning eller høgare utdanning minimum teknisk fagskule/høgskuleutdanning tilsvarande sjøkaptein eller maskinsjef
  • erfaring frå prosjektleiing og byggetilsyn av tilsvarande prosjekt

Det er vidare ønskjeleg med erfaring frå fiskeri.

Personlege eigenskapar

  • positiv og engasjert
  • samarbeider godt og deler kunnskap
  • løysingsorientert og evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • evne til å skape gode relasjonar til interne og eksterne samarbeidspartar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne – flink til å kommunisere
  • god evne til å koordinere og drive fram prosjekt

For stillinga gjeld

  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • 6 månaders prøvetid
  • fleksibel arbeidstid
  • det må påreknast noko reiseverksemd i stillinga

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova §10-9. Attesterte kopiar av vitnemål/attestar vert å leggje fram ved ev. intervju.

Arbeidsstad: Måløy vidaregåande skule

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging.

Måløy vidaregåande skule har fylkesdekkande utdanningstilbod innan maritime og marine fag, eige kurs og sikkerheitssenteret (SIM), som driv ei omfattande kurs- og oppdragsverksemd innan marin og maritim sektor.

På heimesidene våre: www.sfj.no og https://www.maloy.vgs.no/ finn du meir informasjon om Sogn og Fjordane fylkeskommunen og Måløy vidaregåande skule.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordfjordvegen 9009, 6718 Deknepollen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

sjøkaptein, maskinsjef

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Birknes
Stillingstittel
avdelingsleiar for maritime fag
Telefon
97 67 23 55
Kontaktperson
Åsta Navelsaker Røed
Stillingstittel
rektor
Telefon
41 53 08 37
Følg firma
39 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9009, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 144686731
Sist endret 10. apr. 2019 10:53

Rapporter annonse