Utløpt

Har du lyst til å jobbe med likestilling?

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Frist
30.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Stillinga er plassert i seksjon for juridiske og internasjonale saker. Vi søker etter deg som har interesse for å arbeide med juridiske saker i eit departement. Du bør ha særleg interesse for, og helst erfaring med, diskrimineringsrett.

Det er ein fordel om du òg kjenner til dei internasjonale FN-konvensjonane på området. Kjennskap til EU og EØS er ein fordel. Oppgåvene er varierte og ikkje berre av juridisk karakter.


Arbeidsoppgåver
  • juridiske oppgåver på heile breidda av diskrimineringsretten
  • lovarbeid
  • vurdering og implementering av relevant EU-regelverk på området
  • deltaking i arbeidet med og oppfølging av dei internasjonale konvensjonane på området
  • generelle oppgåver innanfor heile breidda av avdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

  • har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • har relevant arbeidserfaring
  • har svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • har gode engelskkunnskapar
  • arbeider systematisk, nøye og med eit høgt presisjonsnivå
  • har kjennskap til og erfaring med diskrimineringsrett og til relevante FN-konvensjonar

I tillegg ser vi at du

  • er fleksibel, sjølvstendig og har svært gode samarbeidsevner
  • har evne til strategisk og analytisk tenking
  • har god forståing for forholdet mellom politikk og forvaltning og for embetsrolla
  • har erfaring frå offentleg forvaltning, fortrinnsvis departementserfaring
  • er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne

Vi legg vekt på at du personleg høver til stillinga, og du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.


Vi tilbyr
  • spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og kompetente kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse

Tilsetjing som rådgivar eller seniorrådgivar, avhengig av røynsle.

For å bli vurdert som seniorrådgivar må du normalt ha minimum 5 års røynsle som er direkte relevant for stillinga.

  • Rådgivar frå kr 456 900 til kr 555 100 brutto per år
  • Seniorrådgivar frå kr 524 200 til kr 680 000 brutto per år

For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vere aktuelt


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.


Offentleg søkarliste og kontakt

Opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før vi offentleggjer lista.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med  ekspedisjonssjef Hege Nygård på mobil 916 64 383.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Kulturdepartementet har overtatt ansvaret for likestillings- og diskrimineringsområdet. Saksområdet blir frå 1. mai 2019 organisert i ei eiga avdeling i departementet, som òg får ansvar for kulturelt mangfald og internasjonale kultursaker. Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet blir òg lagt til avdelinga.

Avdelinga er under etablering og vil bestå av to seksjonar og stab. Til saman vil avdelinga ha 25-30 medarbeidarar.

Seksjon for likestilling og kulturelt mangfald vil ha hovudansvar for politikkutviklinga på likestillings- og diskrimineringsområdet og for å bidra til eit kulturelt mangfald. Seksjon for juridiske og internasjonale saker vil ha hovudansvar for juridiske oppgåver, internasjonalt arbeid på likestillings- og diskrimineringsområdet og for internasjonale kultursaker.

Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggande verksemder. Avdelinga deltar i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Følg firma
1384 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 144649020
Sist endret 9. apr. 2019 19:16

Rapporter annonse