Vil du vera med på laget?
- Arbeidsgiver
- Time kommune
- Stillingstittel
- Kokk
- Frist
- 22.04.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Me søkjer ein kokk i 100% stilling som kan arbeida sjølvstendig og vil vera
med å skape ein framtidsretta barnehage med fokus på sunne og varierte råvarer.
Barnhagen har flotte lokalar og eit stort industrikjøkken. Barnehagen har frå
hausten av ca. 120 barn og 35 vaksne.
Stillinga innebær å lage varm og næringsrik mat, forbereda lunsj, fruktmåltid,
klargjering av utemat i barnehagen og turmat, samt etterarbeid.
Bestilling av mat og varer. Ansvar for gjennomføring av HMS rutinar på kjøkkenet.
Stillinga innebær også at barna får delta i delar av matlaginga.
Ein må i tillegg kunne arbeide opp mot mål i årsplan
Rammeplanen for barnhage og retningslinjer for mat og måltider i barnehagen
(http://mhfa.no/ressurser/mathandtering-i-barnehager/)
Arbeidstida vil vera kl. 7.00-14.30
Kokken skal også delta på kveldsmøter etter oppsatt plan.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kokk eller relevant erfaring som kan kompensera for
utdanning er eit krav
Me ynskjer at du har:
- erfaring frå storkjøkken
- kunnskap om IK-mat og sunn samansetning av mat
- kan samarbeida i tillegg til å arbeide sjølvstendig i høgt arbeidstempo
- kan berekne, handle og planlegge menyar via internett
- vera ansvarsbevisst, løysingsfokusert, idérik og fleksibel
- kan samarbeida med barn, ansatte og foreldre
- at du er positiv "Det me vil, det søker me å få til"
Me tilbyr ein utfordrande jobb med gode utviklingsmuligheiter i eit godt arbeidsmiljø.
Meir informasjon om barnehagen kan du finne på heimesida
https://www.time.kommune.no/tenester-i-time/barn-og-utdanning/barnehagar/vestly-idrettsbarnehage.55378.aspx
Det blir krevd politiattest i stillinga.
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja
ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via
servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein
har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er
kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne,
seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Kontaktperson
Alvhild Aksnes, Styrar, tlf: 51776001, mobil: 48111544, alvhild.aksnes@time.kommune.no
Om arbeidsgiveren
“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vestlyvegen 117, 4347 Lye
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Kokk
Nøkkelord
barn, mat, sammen, oppvekst
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Alvhild Aksnes
- Stillingstittel
- Styrar
- Telefon
-
51 77 60 01
48 11 15 44
Vestlyvegen 117, 4347 Lye