Utløpt

Vil du vere med å drifte arbeidet med marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd ?

Arbeidsgiver
Fjordane Friluftsråd
Stillingstittel
Prosjektleiar Rydd Sogn og Fjordane
Frist
15.03.2024
Ansettelsesform
Prosjekt


Prosjektleiar/koordinatorMarin forsøpling. (NB kort frist!)


Presentasjon av stillinga:

Fjordane Friluftsråd søkjer prosjektleiar/koordinator for "Rydd Sogn og Fjordane" med kontorstad Horne Brygge i Florø. Stillinga har ei varighet på 12 mnd. Dette er ei spennande og særs givande stilling der du verkeleg får bidra positivt til rydding av naturen. Fjordane Friluftsråd har sidan 2017 hatt ei aktiv rolle innan bekjemping av marin forsøpling, og driftar i dag store prosjekt på dette.

Rydd Sogn og Fjordane er eit overordna koordinerande strandryddeprosjekt for områda av tidligare Sogn og Fjordane. Prosjektet tar for seg koordinering av frivillig rydding av marint avfall frå indre og ytre kyststrøk frå Solund i sør til Stad og Stryn i nord. Du motiverer til rydding, fører rydderesultat, rapporterer på budsjett og førebur nye søknader for vidare finansiering, får aktive dagar i felt med rydding og innhenting av avfall bl.a med Skjergardstjenesta i Sogn og Fjordane. Det vil vere eit kollegialt samarbeid med andre kring prosjekt som Skuleturnè for havet, Friluftsliv og strandrydding som sosial arena m.m.

Arbeidsoppgåver;

Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.

Engasjere frivillige lag, skular og enkeltpersonar til rydding.

Planlegge og delta på ryddeaksjonar.

Koordinere ryddelaga sitt arbeid opp mot all anna aktivitet i Sogn og Fjordane, m.a saman med andre prosjekt i Friluftsrådet.

Samarbeide mot og tidvis delta på tokt med Skjergardstenesta (internt i FF). 

Planlegge og booke tokt med større arbeidsbåt.

Undervisning skular, bedrifter.

Tilrettelegge for effektiv handtering av marint avfall, derav kommunikasjon med renovasjonsselskap ang. utsetting og innhenting av konteinere. 

Nettverksbygging med organisasjonar, frivillige lag, bedrifter og offentleg sektor.

Fylgje opp avtalar med underleverandørar, og ha kontakt med samarbeidspartnere og videreutvikle dette. 

Ansvarleg for tilfredsstillande rapportering. 


Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning innan miljø, renovasjon og/eller maritime fag eller tilsvarande praksis.

Gjerne erfaring som prosjektleiar, med gode leiareigenskapar.

Budsjettarbeid og bruk av excel.

God formidlingsevne og evne til å engasjere.

Organisatorisk og administrativ erfaring.

God kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram.

Erfaring med organisering av operasjonar i felt, helst maritime operasjonar.

Solid erfaring med HMS-arbeid og sikkerheit ifrå feltoperasjonar.

God optimaliseringskompetanse for arbeid i felt.

Lokal- og stadkunnskap på kysten av gamle Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.

Solid forståing av planlegging i høve vær og tilhøve på ytre kyst av Vestland.

Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk (sistnemde vil evt. arrangerast som del av opplæringa).

Kan vise til plettfri vandelsattest (ifb. med arbeid med born og unge)


Personlege eigenskaper:

Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner. Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik med god evne til jobbing på eigahand og med ansvar for eiga framdrift, men også i team. Erfaring med ansvar for tilsette vert vektlagt og med gode evner til motivering og bygging av eit sunt og inspirerande arbeidsmiljø i teamet du vil ha ansvar/blir del av. Vi ser etter deg som er skikka og har evne til å leie, byggje nettverk i offentleg, privat og frivillig sektor og brenn for miljøet og ein reinare kyst.

Dette er ei stilling kor du må vere uthaldane, både motivasjonsmessig og fysisk.


Vi tilbyr:

Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø på kysten av Sogn og Fjordane.

Du vil få ein variert arbeidskvardag på kontoret, i felt, på sjøen og i land på holmar og skjær i havgapet. 

Dette er ei utruleg gjevande stilling kor du får vere med å drive eit prosjekt for å rydde opp i ei av vår tid sine største miljøutfordringar - nemleg marin plastforureining.

Den som vert tilsett må pårekne noko reiseverksemd.

Løn etter avtale, pensjonsordning og naudsynte forsikringar.


Kontaktinformasjon

Fjordane Friluftsråd

Kommunehuset

6924 Hardbakke

Bjarte Engevik/dagleg Leiar, tlf. 91772723

Arlene Vågene, styreleiar, tlf. 40239260


Arbeidsstad/kontor

Fjordane Friluftsråd

Horne Brygge

6900 Florø


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjordane Friluftsråd

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist 15.03.2024

Varighet; 12 mnd, høve til forlenging.


Søknad

Søknadsfrist: 15.03.2024


Om stillinga

Stillingstittel: Prosjektleiar

Stad: Fjordane Friluftsråd


Ansettelsesform: Anna

Oppstart; 01.04.2024

Heltid/deltid: Heiltid

Tal stillingar: 1

Sektor: Friluftsråd


Om arbeidsgivaren

Arbeidsgiver; Fjordane Friluftsråd, org.nr. 918 552 537

Adresse: Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

Om arbeidsgiveren

Interkommunalt Friluftsråd med Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn som medlemskommunar. Vi er eit friluftsråd som har hatt stor vekst i prosjekttilfang og som har ein 9 tilsette Vi arbeider med saker knytta mot friluftsliv for våre medlemskommunar, tilrettelegging, skjøtsel, statlig sikra områder og friluftsskular i tillegg til at vi drivt eit stort arbeid knytta til marin forsøpling.
Org.nr. 918 552 537
Arbeidsgivar; Fjordane Friluftsråd
Adresse: Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Horne Brygge 15, 6900 Florø
Bransje
Maritim og offshore,
Miljøtjenester,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager,
Prosjektledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

prosjektledelse, prosjektansvarlig, strandrydding, kystrydding, miljøvern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarte Engevik
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Mobil
91 77 27 23
Kontaktperson
Arlene Vågene
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
40 23 92 60
Følg firma
65 følger dette firmaet

Horne Brygge 15, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 144097248
Sist endret 11. apr. 2024 16:56

Rapporter annonse