Utløpt

Driftsleiar Airlift

Arbeidsgiver
Airlift
Frist
26.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Airlift AS søker driftsleiar    Airlift har dei siste åra opplevd stor vekst, og på bakgrunn av dette vil vi no styrke den administrative leiinga i selskapet med ein funksjon som driftsleiar.    Arbeidsoppgåver/ansvarsområder:  Overordna ansvar for den daglege driftskoordineringa i selskapet  Prosjektansvar for våre større prosjekt, herunder også operasjonalisering av prosjekta  Delta aktivt i sals- og marknadsarbeid  Bindeledd mellom driftsavdeling, teknisk avdeling og det operative flygarmiljøet  Personalansvar for driftsavdelinga på Bringeland og i Kinsarvik    Stillinga vil rapportere til administrerande direktør i Airlift.    Nøkkelkvalifikasjonar:  Strukturert og sjølvgåande  Handlekraftig med evne til å ta beslutningar  Initiativrik og likar store utfordringar  Gode evner til å skape relasjonar og samarbeid  Løysningorientert og har ambisjonar for framtida  Arbeidsspråk er norsk og engelsk    Krav:  Vi ser helst at du har 2-5 års erfaring frå driftsplanlegging/koordinering frå eit transport-, eller eit industrielt miljø.    Vi kan tilby:   Gode utviklingsmuligheiter  Gode pensjons- og forsikringsordninger  Lønn etter avtale    Arbeidsstad:  Hovedkontoret på Bringeland Lufthavn, Førde.    For å laste ned søknad og CV med bilde, gå til www.gccbergen.no.   Søknadfrist: 26.april 2019.   

Om arbeidsgiveren

Airlift AS har sin hovudbase ved Førde Lufthavn Bringeland i Sogn og Fjordane og er den største tilbydaren av helikoptertenester på innlandsmarknaden i Nord-Europa. Selskapet har også betydeleg aktivitet innanfor tilbringarteneste av los og tungløft. Vi har helikopter stasjonert ved våre basar i Førde, Kinsarvik, Stranda (Møre og Romsdal), samt Bergen og Hammerfest. Airlift har også ein betydeleg vedlikehaldsorganisasjon, som innbefattar alt frå dagleg vedlikehald til tungre periodisk oppfølging av våre helikopter. I tillegg har vi ein eigen teknisk design organisasjon som skreddarsyr løysingar innanfor ulike områder.
Selskapet er ein del av NHV-gruppa som har sitt hovudsete i Oostende, Belgia. Airlift opererer en flåte på 18 helikopter og har 105 tilsette.

Sektor
Privat
Sted
6800 Førde
Bransje
Luftfart
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henning Holmelid
Telefon
90 83 57 67
Følg firma
212 følger dette firmaet

6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 143642214
Sist endret 27. apr. 2019 01:14

Rapporter annonse