Utløpt

Vil du vere med på å auke den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved Det juridiske fakultet?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seniorkonsulent/rådgiver
Frist
22.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Seniorkonsulent/rådgjevar forskingsadministrasjon

Ved det juridiske fakultet er det ledig ei nyoppretta fast stilling som seniorkonsulent/rådgjevar. Vi ønskjer fleire eksternfinansierte forskingsprosjekt. Som vår nye seniorkonsulent/rådgjevar vil du bidra aktivt til arbeidet med å sikre at fakultetet lukkast betre i konkurranse om eksterne forskingsmidlar og auke prosjektsporteføljen. Du vil vere ein del av administrasjonens forskingsadministrative team og arbeide tett saman med fagleg leiing i oppfølging av forskingsstrategiar. Du vil og jobba saman med enkeltforskarar og forskingsmiljø i utvikling av nye forskingsprosjekt og med å følgje oppnådde forskingsprosjekt vel i hamn. Den som vert tilsett kan få andre oppgåver som ikkje direkte er knytt til forskingverksemda.


Arbeidsoppgåver
  • Informere fagmiljøa om relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og satsingar
  • Motivere forskarar til å søkje eksternfinanserte prosjekt
  • Delta i søknadsskrivinga
  • Støtte forskarar i oppstart av nye prosjekt og med rapporteringar i driftsfasa
  • Utarbeide oversikter, analyser og rapportar for leiinga
  • Gjere utgreiingar sjølvstendig og i team, skrive saksframstillingar til utval og fakultetsstyret
  • Bidra med informasjon og forskingsrelevante saker til fakultetet sine nettsider og digitale nyheitsbrev

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i graden
  • Kunnskap om nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og forskingsprogram og om rammevilkåra i universitetssektoren
  • Kompetanse innan prosjektadministrasjon/leiing, inkludert grunnleggande budsjettering og økonomiforvaltning
  • Erfaring frå offentleg forvaltning inkludert utgreiingar, analysar og det å støtte ei fagleg eller politisk leiing
  • Gode kommunikasjonsevner. Du kan formulere deg godt skriftleg og munnleg både på engelsk, nynorsk og bokmål
  • Relevant, praktisk og god administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes
  • Evne til å tenke strategisk, sjå behov og ta initiativ
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet

 

Vi søkjer deg som er ein god relasjonsbyggjar med evne til å motivere både deg sjølv og andre, og som vil vere med oss å utvikle den eksternfinansierte forskingsaktiviteten ved Det juridiske fakultet.

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.


Vi tilbyr
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Varierte og fagleg utfordrande oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
  • Hyggelege og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling som seniorkonsulent/rådgjevar (kode 1363/1434) i lønssteg 56 - 62 (for tida kr. 488 500 - 544 400) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til
fakultetsdirektør Øystein L. Iversen, tlf.: 945 03 953, e-post: Oystein.Iversen@uib.no , eller seniorrådgjevar Randi Sæbøe,
tlf.: 55 58 95 39, e-post: Randi.Saboe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.
 

Velkommen som søkjar!


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Sektor
Offentlig
Sted
Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Magnus Lagabøtes plass 1, 5010 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 143349563
Sist endret 28. mar. 2019 10:23

Rapporter annonse