Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor
Frist
07.04.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor  i mat og helse for perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.

Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er primært retta mot undervisning og rettleiing i praktiske og teoretiske tema i mat- og helsefaget i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. og 5.-10. trinn. Det kan også vere aktuelt å knytte stillinga til undervisning i barnehagelærarutdanninga, bachelorutdanninga i folkehelsearbeid og til etterutdanningsfag i mat og helse. Den som blir tilsett, vil også få ansvar for oppfølging av studentane når dei er ute i praksis.

Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald).

Høgskulen har e-læring, nett- og samlingsbasert undervisning som satsingsområde, og den som blir tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale medium.


Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha mastergrad i eit fag som har relevans for mat- og helsefaget, og praktisk- pedagogisk utdanning.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Vi søkjer ein medarbeidar som har god kjennskap til mat- og helsefaget i skulen, og som kan gje studentane god fagdidaktisk opplæring i faget. Mat og helse er eit fagområde der det blir gitt kombinert teoretisk og praktisk undervisning. Det blir lagt vekt på at studentane skal utvikle gode praktiske ferdigheiter i matlaging og fagdidaktisk arbeid. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning, må kunne vise til praksis frå skulen.

Undervisningspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Særlege kvalifikasjonar innanfor skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning og leiing vil bli tillagt vekt. Erfaring med digitale verktøy vil telje positivt. Den som blir tilsett må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og saman med andre, ta ansvar, vise initiativ og ha gode formidlingsevner. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga

Aktuelle kandidater til stillinga vil bli innkalt til intervju.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Som vedlegg till søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande instituttleder, Ingrid Leversen, Tlf. 55 58 75 33    

  


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

 

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Faglærer(IT, idrett, kunst)
Følg firma
962 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 143105109
Sist endret 22. mar. 2019 17:38

Rapporter annonse