Utløpt

Vi har ledig to faste 100 % stillingar som

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut for ungdom i krise
Frist
07.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Vil du ha ein meiningsfull jobb

Ungdommane du skal hjelpa kjem til oss i eit kritisk augeblikk i eige liv. Vil du hjelpa dei? Være der for dei når det gjeld som mest? Gi dei omsorg og varme, tryggleik og forutsigbarheit i timane, dagane og vekene som kjem? Hvis du finner meining i dette, og har egenskapane, utdanninga og erfaringen som skal til, så kan detta være rette jobben for deg.

Ved Stavanger Akuttsenter er det ledig 2 faste 100 % stillingar som miljøterapeut. Stillingane er for tida lokalisert på avdeling Madla som har plass til 4 bebuarar. Arbeidstidsordning er p.t. 16 timars turnus dag/ kveld - med arbeid kvar 3. helg. Dette utgjer i snitt 2-3 vakter per veke. Det er for tida faste team med 4 kollegaer i kvar.

Jobb ved Stavanger akuttsenter byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområde
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Motivera og engasjera ungdommane i positive aktivitetar.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, Inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningslinjer, rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikra medverknad.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.

Kvalifikasjonar
  • For tilsetjing som miljøterapeut vert det kravd treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
  • Personleg eignethet vil bli vektlagd.  
  • Fordel med god kunnskap i bruk av IT-verktøy og førarkort for personbil.
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning

Kven søkjer vi?
  • Vi søkjer deg som har tar ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov.
  • Du må ha evne til å oppretthalde god struktur og eit fagleg perspektiv.
  • Du er fleksibel og trives med store utfordringar og du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.


Vi tilbyr
  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i lønnsramme 15, alt. 3 - 11, p.t. kr 371 500 - 515 200 pr. år (ltr. 38 - 59). Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan stillinga plasseras i kode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, LR 18, alt. 3 - 11, p.t. kr 397 200 - kr 524 200 pr. år (ltr. 43 - 60). Turnustillegg kjem i tillegg. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse jf. Lov om Statens Pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Opplæringsprogram, fast rettleiing og arbeid på ein institusjon i fagleg utvikling.
  • Ein hektisk kvardag med spennande utfordringar i eit godt samarbeidsmiljø.

Generelle opplysninger
  • Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å skøkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa si inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CVén.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktinformasjon

Morten Aanensen (avdelingsleder)

Tlf. 4661 9817 - Mail: morten.aanensen@bufetat.no

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal tas med ved et evt. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjeIp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, og ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet. 

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Stavanger Akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om Barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24.

Vi har to institusjonsavdelingar med plass til totalt åtte ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 79 beredskapsheimar. Vi tek i mot ca. 350 barn i året.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kompani Linges vei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4287 følger dette firmaet

Kompani Linges vei 23, 4045 Hafrsfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 143088016
Sist endret 22. mar. 2019 14:10

Rapporter annonse