Utløpt

Miljøterapeut ved Vartun oppfølgingsteneste

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
08.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Vartun oppfølgingsteneste er det ledig 100% stilling frå 01.06.2019. Stillinga er i turnus med arbeid 3.kvar helg, for tida med langvakter.

Arbeidsstad
Vartun Oppfølgingsteneste tilbyr tenester til personar med rusavhengighet. Hovudmål for Vartun er å fremja livskvalitet for tenestemottakarane og å førebyggja at brukarar vert utan bustad. Vartun Oppfølgingsteneste samarbeider med andre aktuelle tenester kring rehabilitering. Målet er å betra livskvaliteten for rusavhengige med fokus på å redusera fysiske skadeverknader, betra den psykiske helsa og redusera sosiale skadar. Vi ønskjer å leggja til rette for at kvar einskild brukar skal kunna ha moglegheit for endring og utvikling. Dette gjer vi gjennom tryggleik, miljøterapeutiske tiltak og ulike aktivitetar. Vi tilbyr brukarar ein aktiv kvardag gjennom friluftsaktivitetar, fotball, lavterskel arbeid etc.

Vartun har ansvar for LAR - legemiddelassistert rehabilitering, prosjekt "Livskvalitet" og "Baksio" - lågterskel møtestad for rusavhengige.

Arbeidsoppgåver
- Bidra til at brukarane får nødvendig hjelp og gode tenester basert på avtalar, lover og forskrifter
- Bistå brukarane i daglege gjeremål og i ulike aktivitetar
- Primærkontaktarbeid, utarbeida planar og delta i ansvarsgrupper
- Delta i LAR-behandling
- Miljøterapi og praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, evt. anna relevant høgskulekompetanse
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
- Du må evne å sjå potensialet for utvikling og vera fleksibel i møte med brukarar
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å byggja gode relasjonar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med kommunalt rusarbeid

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande tariff.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
INDUSTRIVEGEN 8, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

miljøterapeut, sykepleier, rusarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva-Mari Solberg
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
56 57 51 02
Kontaktperson
Arve Frostad
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 57 52 26
Følg firma
483 følger dette firmaet

INDUSTRIVEGEN 8, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 143087791
Sist endret 10. apr. 2019 00:18

Rapporter annonse