Utløpt

100 % FAST STILLING SOM GIS/GEODATAINGENIØR

Arbeidsgiver
Herøy kommune
Stillingstittel
GIS/geodataingeniør
Frist
14.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Stillinga er tillagt følgande arbeidsoppgåver, men fleire kan verte tillagt:
  • Matrikkelføring
  • Landmåling etter Matrikkellova
  • Stikningsarbeid
  • Gis-analysar
  • Datasamling ved hjelp av GPS og Drone
  • Oppdatering og vedlikehald av kartdatabasar
  • Saksutgreiing ved grunnerverv
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga


Stillinga omfattar forvaltningsarbeid og behandling av enkeltsaker etter relevant lovverk.

Informasjonsarbeid og rettleiing av innbyggjarar og ansvarlige føretak, vil også vere ein sentral del av stillinga.

Du vil også arbeide med utgreiingar og saksbehandling til politisk nivå.

Vi legg vekt på å vere ein fleksibel organisasjon og stillinga vil også kunne tilleggast andre arbeidsoppgåver innan avdelinga og tilpassast søkjar si kompetanse og erfaring.

Vi kan tilby:
  • Løn etter avtale med utgangspunkt i kvalifikasjonar (utdanning/praksis)
  • Triveleg arbeidsplass med gode vilkår for opplæring og fagleg utvikling
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Moglegheiter for personleg etter- og vidareutdanning
  • Herøy kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)
  • Pensjonsordning og frivillig Fritidsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Herøy kommune ynskjer å legge til rette for vekst og utvikling. Ein utviklingsorientert organisasjon som spelar på lag med næringslivet og lokalsamfunnet er ein av suksessfaktorane for å oppnå dette.


Herøy kommune er det viktig for oss å vise respekt, ha tillit og fremje samhandling. Kjerneverdiane skal hjelpe oss til å nå visjonen, Herøy, ei båtlengd føre .

Utviklingsavdelinga er ei avdeling i Herøy kommune med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor areal- og samfunnsplanlegging, næringsutvikling, grunnerverv, byggesak og kartverk/oppmåling.

Det vert no lyst ledig fast stilling som GIS / geodataingeniør innanfor fagområde geodata med landmåling, GIS og VA som hovudarbeidsområde. Geodata-avdelinga består av to personar.

Det vert søkt etter personar med utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagfeltet.

Kompetanse og erfaring innan fagområdet kan vege opp for mindre utdanning.
- erfaring innan fagfelta som avdelinga dekkjer
- erfaring med programvare innan GIS

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Nøkkelord

Gis-analyse, Matrikkelføring, grunnerverv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Magne Rotevatn
Stillingstittel
Leiar utviklingsavdelinga
Mobil
90 97 41 28
Følg firma
6 følger dette firmaet

Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 143086149
Sist endret 3. mai 2019 14:40

Rapporter annonse