Utløpt

Kvitvasking og pengespel

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Kvitvasking rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
07.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Er du interessert i kampen mot kvitvasking i spelsektoren? Vil du ha ei sentral rolle i oppbygging av tilsynet med lotteri og pengespel på kvitvaskingsområdet i Norge?

Ny kvitvaskingslov vart gjort gjeldande 15. oktober 2018. Frå no blir tilbydarar av speltenester rapporteringspliktige og Lotteritilsynet er oppnemnt som tilsynsorgan.
Det betyr at Lotteritilsynet no også skal føre tilsyn med at spelselskap som Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, bingoentreprenørar, spel på skip, arrangørar av NM i turneringspoker og andre lotteri oppfyller kvitvaskingslova sine føresegner. Ved brot på desse, har Lotteritilsynet fått omfattande sanksjonsheimlar (pålegg, tvangsmulkt, gebyr ved brot, m.m.)

Vi søkjer no etter ein person som kan bygge dette opp til å bli eit sterkt og robust kvitvaskingstilsyn i tett samarbeid med andre ressursar i Lotteritilsynet, andre tilsynsorgan og Økokrim.

Stillinga er fast, og blir lyst ut som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Arbeidsoppgåver

  •  tilsynsverksemd og sanksjonering ved brot
  •  risikovurdering for kvitvasking i det norske spelmarknaden
  •  opplæring - og informasjonsarbeid
  •  deltaking i nasjonale/internasjonale fora 

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan juss eller økonomi (realkompetanse kan kompensere for dette kravet)
  • evne til å arbeide sjølvstendig og tenke nye løysingar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk 
  • erfaring fra anti-kvitvaskingsarbeid kan være ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • evne til å arbeide sjølvstendig 
  • nøyaktig, trygg og kunnskapsorientert i rolla 
  • gode samarbeidsevner, stort samfunnsengasjementet og vilje til å dele av eigen kunnskap 

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga har seks månaders prøvetid.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Om arbeidsgiveren




Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktige samfunnsoppdrag.


  • Lotteritilsynets hovudmål er å sikre eit trygt og ansvarleg speltilbod i Norge og å forebygge og beskytte mot speleproblem. Lotteritilsynet skal også fordele momskompensasjon til frivillig aktivitet og arbeide mot kampfiksing.
  • Stiftelsestilsynets hovudmål er å trygge stiftelsesforma gjennom tilsyn og kontroll av norske stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no


Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Jurist,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Kvitvasking, og, pengespel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frank Hana Hoff
Stillingstittel
seniorrådgjevar
Telefon
99 28 43 63
Kontaktperson
Henrik Nordal
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
99 28 43 09
Følg firma
37 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 143082122
Sist endret 22. mar. 2019 12:48

Rapporter annonse