Utløpt

Helsesjukepleiar

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar i Hå kommune
Frist
15.04.2019
Ansettelsesform
Fast

Helsestasjonen og skulehelsetenesta har ledig ein 100% fast stilling som helsesjukepleiar.

Det er fire helsestasjonar i Hå kommune og me har helsesjukepleiar på 11 skular. I tillegg har me helsestasjon for ungdom to stader i kommunen. Me gir rekrutteringstilleg for helsesøster i 100% stilling. Dette gir ekstra løn på 10.000 pr. år.

Kvalifikasjonar
- utdanna helsesjukepleiar med norsk autorisasjon eller sjukepleiar som er under utanning til helsesjukepleiar
- beherska norsk og engelsk skriftleg og muntleg
- kunne arbeida sjølvstendig og målretta
- ha grunnleggjande datakunnskap, eller vere villig til å lære dette
- endringsvillig
- ha førarkort for bil

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Politiattest
Du må levera politiattest som er nyare enn 3 månader, før du begynner i stillinga.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt.
Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
4365 Nærbø
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Nøkkelord

Helsesøster, Helsesjukepleier, Helsesjukepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Skjold Økland
Stillingstittel
Leder
Telefon
99 39 86 45
Følg firma
202 følger dette firmaet

4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 142786915
Sist endret 26. mar. 2019 10:54

Rapporter annonse