Utløpt

Maskinkadett

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Maskinkadett
Frist
31.03.2019
Ansettelsesform
Trainee
Bli kjent med Kystverket

Kystverket har ledig opplæringsstilling kombinert maskinkadett og fagarbeidar
ved våre fartøy.
Arbeid på fartøy der laget er allsidig samansett innan ulike fagfelt.  Samanutfører dei ulike oppdrag innan vedlikehald og drift.
Varierte oppgåver utandørs.

Stillingane er midlertidig med 1 års varighet. 


Det er reising til og frå fartøyet ved kvar arbeidsperiode.

Kystverket Rederi Fartøy

Arbeidsoppgåver

Kadett i maskin

Allsidige og utfordrande oppgåver innan nybygg, drift og vedlikehald på navigasjonsinnstallasjonar og Kystverket sine objekt.

Drift og vedlikehald av fartøy og utstyr

Kvalifikasjonar

Fullført teoretisk maskinistutdanning i henhold til STCW 1978 konvensjonen.
Interesse for allsidig arbeid på navigasjonsinstallasjoner
Det krevjast god fysikk og helse, samt godkjent helseattest for sjøfolk.
Kandidater med utdanningsveg via fagbrev vert prioritert.
Søkjar må beherske bruk av IT-verktøy

Norsk munnleg og skriftleg

Praktisk arbeid så som sommerjobb eller anna praksis ved sida av skule

Lærlingtid


Fagbrev motormann eller lignande
Helseattest for sjøfolk

Gode IKT kunnskapar

Grunnleggjande sikkerheitsopplæring etter STCW.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Må kunne klatre og arbeide sikkert i høgda 
Kunne bidra til gode rutiner og haldningar til HMS i arbeidet.  

Vi tilbyr

Allsidige oppgåver og utviklingsmogligheiter
Kadettstillinga er i dag plassert i stillingskode 1203, der det 1. halvåret vert utbetalt 80 % og 2. halvåret 90 % av bruttolønn kr. 391 800,- tilsvarande l.trinn A 42 i hovedtariffavtalen for LO, YS og Unio.

Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysningar i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje e-post.


Kystverket har særavtale for fartøymannskap som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle.  Gjeldande arbeidstidsordning har 6 arbeidsperiodar a 4 veker pr år.Medlemskap i Statens pensjonskasse vert trekt med 2% av bruttolønn.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.                      

Om arbeidsgiveren



Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund
Bransje
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Maskinist

Nøkkelord

Kadett

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Natland
Stillingstittel
Avd.leiar Mannskapsavdeling
Telefon
07847
Følg firma
1220 følger dette firmaet

Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 142406883
Sist endret 13. mar. 2019 15:41

Rapporter annonse